Monarkar

familie av sporvefuglar

Monarkar, Monarchidae, utgjer ein familie av sporvefuglar som inkluderer paradismonarkar og skjorlerker. Dette er små insektetande songfuglar med lange halar. Dei lever i skog i Afrika sør for Sahara, søraustlege Asia, Australasia og på ei rekkje øyar i Stillehavet. Berre nokre få artar trekkjer. Mange artar dekorerer det koppforma reiret sitt med lav.[1]

Monarkar
Maskareneparadismonark Terpsiphone bourbonnensis
Maskareneparadismonark
Terpsiphone bourbonnensis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Monarkar Monarchidae
Bonaparte, 1854

Skildring

endre

Monarkar er ein mangfaldig familie av sporvefuglar som generelt er knytt til tre, der skjorlerkene er unntaket. Dei er stort sett slanke fuglar og har breitt nebb. Nebba hos nokre artar er ganske store, og dei tunge nebba hos grovnebbmonark og andre i slekta Clytorhynchus brukast til å søkje i daudt treverk og blant daude blad.[1] Fjørdrakta hos artar i familien varierer frå dystert, som den nesten monokrome svartmonark, til spektakulært, som gullmonark. Stjertane er generelt lange og jamvel ekstremt lange hos paradismonarkar i slekta Terpsiphone. Kjønnsdimorfisme i fjørdrakta kan vere umerkeleg, som hos Myiagra nana, 'Paperbark Flycatcher', der hoa er identisk med hannfuglen bortsett frå litt brungult på halsen, slåande, som hos trukmonark der hannen er nesten heilt kvit og hoa er einsfarga svart. Eller ikkje-eksisterande, som hos tahitimonark. Hos einskilde artar, til dømes vekselparadismonark, har hannane to eller fleire fargevariantar.[2]

Utbreiing og trekk

endre

I den vestlege enden av utbreiingsområdet er dei distribuert gjennom Afrika sør for Sahara, over Madagaskar og øyane i den tropiske delen av Indiahavet. Dei finst òg i Sør-Asia og Søraust-Asia nord til Japan, ned til Ny-Guinea og over det meste av Australia. Familien har klart å nå mange stillehavsøyer, og fleire endemiske slekter finst over Mikronesia, Melanesia og Polynesia så langt som til Hawaii og Marquesasøyane.

Paradismonarkar av slekta Terpsiphone har den vidaste utbreiinga av alle monarkar som strekkjer seg over nesten heile Afrika sør for Sahara, Madagaskar, Maskarenane og Seychellene, Asia så langt som til Korea, Afghanistan, Filippinene og Dei små Sundaøyane. Slekta Trochocercus er avgrensa til Afrika og Hypothymis-monarkar er utelukkande asiatiske. Andre slekter er hovudsakleg funne i regionane tilhøyrande austre Ny-Guinea og Oceania, somme av desse er isolerte øyartar.

Majoriteten av artar i familien lever i skogshabitat. Artar som lever i meir open skog har ein tendens til å ta dei høgste områda av trea, medan dei i tettare skog vil leve i midtre til lågare høgdnivå. Andre habitat som blir brukt av monarkar inkluderer savannar og mangroveskog, og jordlevande skjorlerker finst i dei fleste australske habitat unntatt i dei tørraste ørkenane.

Medan fleirtalet av monarkar er standfuglar, er nokre artar delvis trekkfuglar og éin, satengmonark, er sterk trekkfugl, medan japanparadismonark er nær sterk trekkfugl. Gallaparadismonark i Asia er trekkfugl i den nordlege delar av leveområdet, men standfugl i tropane, og den afrikanske strimmelparadismonark gjer ein serie rørsler innanfor kontinentet som ikkje er granska godt til no.

Forplanting

endre

Monarkar er generelt monogame, med lengd på pardanninga varierande frå berre éin sesong som hos strimmelparadismonark til livet ut for elepaio. Berre tre artar er kjente for å engasjere seg i samarbeidande hekking, men mange artar er førebels lite undersøkte. Dei er generelt territoriale, og vil forsvare territorium på rundt to hektar i storleik, men nokre artar kan presse hekkeområda tett saman. Hekkeplassar kan òg veljast nær aggressive artar, til dømes kan hekkestaden for blymonark vere plassert i nærleiken av reiret til den aggressive skrålemunkefugl i austre Australia.[3] Reira kan i sin tur ofte bli aggressivt forsvart av monarken. Hos alle artar er det koppforma reiret plassert på ei grein, i ei forgreining eller ein kvist. Reira kan vere plasserte særs godt synlege hos nokre artar.

Systematikk

endre

Mange av dei rundt 95 artane som utgjer familien var tidlegare lagt til andre grupper, hovudsakleg på grunnlag av generell morfologi eller åtferd. Skjorlerke, til dømes, vart tildelt den same familien som pottemakarfugl, sidan begge byggjer uvanlege reir av gjørme snarare enn av vegetabilske kjelder.

Med ny innsikt frå DNA-DNA hybridisering-studium av Charles Sibley og medarbeidarar mot slutten av 1900-talet, vart det likevel klårt at alle desse tilsynelatande urelaterte fuglane var etterkommarar frå ein felles stamfar: same kråkeliknande stamfar som gav opphav til drongoar.[4] På grunnlag av det har monarkar vorte inkludert som ein underfamilie av Dicruridae (drongoar), saman med viftestjertar,[5] men Christidis og Boles har meir nyleg handsama monarkar på familienivå som Monarchidae.[6]

I den seinare tida har gruppa blitt noko foredla ettersom det opphavlege omgrepet Corvida har vist seg å vere ei parafyletisk gruppe. Den no avgrensa kjernen av gruppa er sett saman av kråker og ramnar, varslarar, paradisfuglar, viftestjertar, monarkar, drongoar og pottemakarfuglar.[7]

Artslista

endre

Monarkar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[8] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[9]

Slekt Trochocercus

  • Blåhovudmonark, Trochocercus nitens, Blue-headed Crested-Flycatcher, Cassin, 1859, (LC)
  • Kvitvengmonark, Trochocercus cyanomelas, African Crested-Flycatcher, Vieillot, 1818, (LC)

Slekt Hypothymis

  • Toppmonark, Hypothymis helenae, Short-crested Monarch, Steere, 1890, (NT)
  • Svartnakkemonark, Hypothymis azurea, Black-naped Monarch, Boddaert, 1783, (LC)
  • Fagermonark, Hypothymis puella, Pale-blue Monarch, Wallace, 1863, (LC)
  • Celestmonark, Hypothymis coelestis, Celestial Monarch, Tweeddale, 1877, (VU)

Slekt Terpsiphone

Slekt Chasiempis

  • Hawaiielepaio, Chasiempis sandwichensis, Hawaii Elepaio, Gmelin, 1789, (VU)
  • Kauaielepaio, Chasiempis sclateri, Kauai Elepaio, Ridgway, 1882, (VU)
  • Oahuelepaio, Chasiempis ibidis, Oahu Elepaio, Stejneger, 1887, (EN)

Slekt Pomarea

  • Tahitimonark, Pomarea nigra, Tahiti Monarch, Sparrman, 1786, (CR)
  • Rarotongamonark, Pomarea dimidiata, Rarotonga Monarch, Hartlaub & Finsch, 1871, (VU)
  • Uahukamonark, Pomarea iphis, Iphis Monarch, Murphy & Mathews, 1928, (CR)
  • Uapoumonark, Pomarea mira, Ua Pou Monarch, Murphy & Mathews, 1928, (CR (PE))
  • Marquesasmonark, Pomarea mendozae, Marquesas Monarch, Hartlaub, 1854, (EN)
  • Fatuhivamonark, Pomarea whitneyi, Fatuhiva Monarch, Murphy & Mathews, 1928, (CR)

Slekt Mayrornis

  • Ogeamonark, Mayrornis versicolor, Ogea Monarch, Mayr, 1933, (NT)
  • Skifermonark, Mayrornis lessoni, Slaty Monarch, Gray, 1846, (LC)
  • Vanikoromonark, Mayrornis schistaceus, Vanikoro Monarch, Mayr, 1933, (VU)

Slekt Neolalage

  • Vanuatumonark, Neolalage banksiana, Buff-bellied Monarch, Gray, 1870, (LC)

Slekt Clytorhynchus

  • Grønebbmonark, Clytorhynchus pachycephaloides, Southern Shrikebill, Elliot, 1870, (LC)
  • Rennellmonark, Clytorhynchus hamlini, Rennell Shrikebill, Mayr, 1931, (LC)
  • Fijimonark, Clytorhynchus vitiensis, Fiji Shrikebill, Hartlaub, 1866, (LC)
  • Svartstrupemonark, Clytorhynchus nigrogularis, Black-throated Shrikebill, LayardL, 1875, (NT)

Slekt Carterornis

  • Kvithovudmonark, Carterornis pileatus, White-naped Monarch, Salvadori, 1878, (LC)
  • Kvitkronemonark, Carterornis castus, Loetoe Monarch
  • Kvitøyremonark, Carterornis leucotis, White-eared Monarch, Gould, 1850, (LC)
  • Gullmonark, Carterornis chrysomela, Golden Monarch, Lesson, R & Garnot, 1827, (LC)

Slekt Metabolus

  • Trukmonark, Metabolus rugensis, Truk Monarch, Hombron & Jacquinot, 1841, (EN)

Slekt Monarcha

  • Yapmonark, Monarcha godeffroyi, Yap Monarch, Hartlaub, 1868, (NT)
  • Tinianmonark, Monarcha takatsukasae, Tinian Monarch, Yamashina, 1931, (VU)
  • Øymonark, Monarcha cinerascens, Island Monarch, Temminck, 1827, (LC)
  • Kalottmonark, Monarcha richardsii, White-capped Monarch, RamsayP, 1881, (LC)
  • Kastanjebukmonark, Monarcha castaneiventris, Chestnut-bellied Monarch, Verreaux, 1858, (LC)
  • Bougainvillemonark, Monarcha erythrostictus, Bougainville Monarch, Sharpe, 1855, (LC)
  • Svartmaskemonark, Monarcha melanopsis, Black-faced Monarch, Vieillot, 1818, (LC)
  • Svartvengmonark, Monarcha frater, Black-winged Monarch, Sclater, 1874, (LC)

Slekt Symposiachrus

  • Svartmonark, Symposiachrus axillaris, Fan-tailed Monarch, Salvadori, 1876, (LC)
  • Brunmonark, Symposiachrus rubiensis, Rufous Monarch
  • Floresmonark, Symposiachrus sacerdotum, Flores Monarch, Mees, 1973, (EN)
  • Boanomonark, Symposiachrus boanensis, Black-chinned Monarch, van Bemmel, 1939, (CR)
  • Raudbrystmonark, Symposiachrus trivirgatus, Spectacled Monarch, Temminck, 1826, (LC)
  • Kaimonark, Symposiachrus leucurus, White-tailed Monarch, Gray, 1858, (NT)
  • Kvitgumpmonark, Symposiachrus everetti, White-tipped Monarch, Hartert, 1896, (EN)
  • Skjoldmonark, Symposiachrus loricatus, Black-tipped Monarch, Wallace, 1863, (LC)
  • Kofiaumonark, Symposiachrus julianae, Kofiau Monarch, Ripley, 1959, (VU)
  • Biakmonark, Symposiachrus brehmii, Biak Monarch, Schlegel, 1871, (EN)
  • Hettemonark, Symposiachrus manadensis, Hooded Monarch, Quoy & Gaimard, 1832, (LC)
  • Manusmonark, Symposiachrus infelix, Manus Monarch, Sclater, 1877, (NT)
  • Mussaumonark, Symposiachrus menckei, White-breasted Monarch, Heinroth, 1902, (NT)
  • Bismarckmonark, Symposiachrus verticalis, Black-tailed Monarch, Sclater, 1877, (LC)
  • Salomonmonark, Symposiachrus barbatus, Black-and-white Monarch, RamsayP, 1879, (NT)
  • Nygeorgiamonark, Symposiachrus browni, Kolombangara Monarch, RamsayP, 1883, (NT)
  • Smekkemonark, Symposiachrus mundus, Black-bibbed Monarch, Sclater, 1883, (LC)
  • Enkjemonark, Symposiachrus vidua, White-collared Monarch, Tristram, 1879, (LC)
  • Flekkvengmonark, Symposiachrus guttula, Spot-winged Monarch, Lesson, R & Garnot, 1828, (LC)

Slekt Arses

  • Kvitboamonark, Arses telescopthalmus, Frilled Monarch, Lesson, R & Garnot, 1827, (LC)
  • Frynsekragemonark, Arses lorealis, Frill-necked Monarch, De Vis, 1895, (LC)
  • Reveboamonark, Arses insularis, Ochre-collared Monarch, Meyer, 1874, (LC)
  • Beltemonark, Arses kaupi, Pied Monarch, Gould, 1851, (LC)

Slekt Grallina

  • Skjorlerke, Grallina cyanoleuca, Magpie-lark, Latham, 1801, (LC)
  • Straumskjorlerke, Grallina bruijnii, Torrent-lark, Salvadori, 1876, (LC)

Slekt Myiagra

  • Palaumonark, Myiagra erythrops, Palau Flycatcher, Hartlaub & Finsch, 1868, (LC)
  • Plutomonark, Myiagra pluto, Pohnpei Flycatcher, Finsch, 1876, (LC)
  • Atollmonark, Myiagra oceanica, Oceanic Flycatcher, Pucheran, 1853, (LC)
  • Blekkmonark, Myiagra atra, Biak Flycatcher, Meyer, 1874, (NT)
  • Molukkmonark, Myiagra galeata, Moluccan Flycatcher, Gray, 1861, (LC)
  • Blymonark, Myiagra rubecula, Leaden Flycatcher, Latham, 1801, (LC)
  • Stålmonark, Myiagra ferrocyanea, Steel-blue Flycatcher, RamsayP, 1879, (LC)
  • Brunhakemonark, Myiagra cervinicauda, Ochre-headed Flycatcher, Tristram, 1879, (NT)
  • Melanesiamonark, Myiagra caledonica, Melanesian Flycatcher, Bonaparte, 1857, (LC)
  • Raudbukmonark, Myiagra vanikorensis, Vanikoro Flycatcher, Quoy & Gaimard, 1832, (LC)
  • Samoamonark, Myiagra albiventris, Samoan Flycatcher, Peale, 1849, (NT)
  • Blåkronemonark, Myiagra azureocapilla, Azure-crested Flycatcher, LayardL, 1875, (NT)
  • Kastanjestrupemonark, Myiagra castaneigularis, Chestnut-throated Flycatcher, LayardL, 1876, (LC)
  • Raudstrupemonark, Myiagra ruficollis, Broad-billed Flycatcher, Vieillot, 1818, (LC)
  • Satengmonark, Myiagra cyanoleuca, Satin Flycatcher, Vieillot, 1818, (LC)
  • Uromonark, Myiagra inquieta, Restless Flycatcher, Latham, 1801, (LC)
  • Papirborkmonark, Myiagra nana, Paperbark Flycatcher, Gould, 1870, (LC)
  • Glansmonark, Myiagra alecto, Shining Flycatcher, Temminck, 1827, (LC)
  • Fløyelsmonark, Myiagra hebetior, Dull Flycatcher, Hartert, 1924, (VU)

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Garnett, Stephen (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 200–201. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Mulder, Raoul, Ramiarison, R. og Emahalala, R. E. (2003). «Ontogeny of male plumage dichromatism in Madagascar paradise flycatchers Terpsiphone mutata». Journal of Avian Biology 33 (4): 342–348. doi:10.1034/j.1600-048X.2002.02888.x. 
  3. Marchant, S (1983). «Suggested nesting association between Leaden Flycatchers and Noisy Friarbirds». Emu 83 (2): 119–122. doi:10.1071/MU9830119. 
  4. Sibley, Charles Gald & Ahlquist, Jon Edward (1990): Phylogeny and classification of birds. Yale University Press, New Haven, Conn.
  5. Christidis L, Boles WE (1994). The Taxonomy and Species of Birds of Australia and its Territories. Melbourne: RAOU. 
  6. Christidis L, Boles WE (2008). Systematics and Taxonomy of Australian Birds. Canberra: CSIRO Publishing. s. 174. ISBN 9780643065116. 
  7. Cracraft J, Barker FK, Braun M, Harshman J, Dyke GJ, Feinstein J, Stanley S, Cibois A, Schikler P, Beresford P, García-Moreno J, Sorenson MD, Yuri T, Mindell DP (2004). «Phylogenetic relationships among modern birds (Neornithes): toward an avian tree of life». I Cracraft J, Donoghue MJ. Assembling the tree of life. New York: Oxford Univ. Press. s. 468–89. ISBN 0195172345. 
  8. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  9. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre