Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker
61°25′43.216″N 5°10′1.3800″E / 61.42867111°N 5.167050000°E
Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker var den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia. Den vart etablert i 1908 i Stongfjorden, ein av dei første industristadene i Sogn og Fjordane.
Då British Aluminium Company (BACO) kom til Stongfjorden i 1906 hadde allereie industripioneren Peter Jebsen frå Bergen bygd dam og kraftstasjon som sørgde for produksjon av torvkol så jod, men dette var ikkje lønsamt.[1]
Stongfjorden fekk gatelys då aluminiumsfabrikken starta opp.[2] Fabrikken var i drift til 1945, og hadde på det meste kring 70 tilsette,[3] men produksjonen kom aldri opp i meir enn 700 tonn per år.[4]
Kjelder
endre- ↑ Losnegård, Gaute (2001), Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Det store hamskiftet i Stongfjorden
- ↑ Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Veg mellom Askvoll og Stongfjorden
- ↑ NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon: British Aluminium Company
- ↑ Gram, Trond, Store Norske Leksikon: Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker