Starbuckbreen
Starbuckbreen er ein isbre som er 28 km lang, som flyt aust og ut i Scarfjorden like nord for Mount Queequeg, på austkysten av Graham Land. Han vart kartlagt og delvis fotografert av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1947. Heile isbreen vart fotografert av Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition (FIDASE) i 1955-56, og kartlagt frå desse bileta av FIDS i 1957. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter førstestyrmannen på «Pequod» i Herman Melville-romanen Moby-Dick.
Starbuckbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 65°38′S 62°9′W / 65.633°S 62.150°W | ||
Lengd | 28 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Starbuckbreen 65°38′00″S 62°09′00″W / 65.6333°S 62.15°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Starbuck Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).