Starnberg See er ein innsjø sør i Bayern i Tyskland, og er ein populær rekreasjonstad for innbyggjarane i den nærliggande byen München. Av byar langs innsjøen finn ein Starnberg i nord, Seeshaupt i sør og Tutzing i vest. Den litle byen Berg nær Starnberg er den vidkjende staden der Kong Ludvig II av Bayern drukna i innsjøen i 1886.

Starnberger See
innsjø
Land  Tyskland
Høgd over havet 596 moh.
Lengd 20,2 km
Breidd 4,66 km
Areal 58,36 km²
Største djupn 127,7 m
Volum 2,998 km³
Koordinatar 47°54′14″N 11°18′26″E / 47.90389°N 11.30722°E / 47.90389; 11.30722
Øyar 1
Byar Tutzing, Possenhofen
Kart
Starnberger See
47°54′14″N 11°18′26″E / 47.903888888889°N 11.307222222222°E / 47.903888888889; 11.307222222222
Wikimedia Commons: Starnberger See

Innsjøen, som vart danna av isbreane frå Alpane under den siste istida, strekker seg 21 km frå nord til sør og har ei breidd på 3-5 km, og er den fjerde største innsjøen i Bayern. Han inneheld ei lita øy, Roseninsel, og eit enkelt utløp, elva Würm (fram til 1962 heitte innsjøen Würmsee etter elva). Det største tilsiget av vatn kjem frå ei rekkje vatn sør for innsjøen, Osterseen, og elva som renn frå her vert kalla Ach eller Ostersee-Ach.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Starnberger See
 
Panorama av innsjøen med Alpane i bakgrunnen