Stasjonsby er eit omgrep som blir brukt om tettstadar som har vakse fram kring ein jernbanestasjon (eller togstasjon). Stasjonen blei kanskje opphavleg plassert der jernbana kryssa ein veg, eller nær kyrkja, der midtpunktet i bygda hadde vore frå gamalt. Ved stasjonen vart det deretter gjerne etableringar av handlande og handverkarar, og det vart også for mange ein naturleg stad å bu, mellom anna med tanke på å bruke jernbana for å kome på arbeid i næraste by. I stasjonsbyen kunne også små industribedrifter sjå føremunar med å etablere seg, fordi eit sidespor frå jernbana lett kunne kome på plass.

Som følgje av plasseringa av jernbanelina, kunne også jernbanestasjonen bli plassert noko unna det tradisjonelle senteret i bygda. Dette kunne medføre at det voks opp eit nytt senter i bygda, ein stasjonsby.

Eksempel på stasjonsbyar er tettstadane Sem og Barkåker i Tønsberg kommune. På Barkåker ligg flatbrødfabrikken Korni strategisk plassert rett ved jernbanestasjonen. Bryne og Klepp er eksempel på stasjonsbyar som voks fram ved Jærbanen.

Kjelde endre