Statens Kornforretning

(Omdirigert frå Statens kornforretning)

Statens Kornforretning er eit tidlegare statleg organ i Noreg. Det vart oppretta ved lov av 22. juni 1928, føremålet var å sørgje for sikker tilgang til korn i Noreg.[1] Det vart nedlagt i 1999.

Historie endre

1920-talet endre

Kornforretninga voks ut av den sokalla kornsaka, som langt på veg dominerte norsk politikk i ein trettiårsperiode mellom 1890-talet og 1920-talet og truleg var avgjerande i opprettinga av Bondepartiet i 1920.

På byrjinga av 1920-talet var Noreg prega av skarpe skilje og ein økonomisk nedtur som råka bønder og arbeidarar hardt. Venstre og Arbeidarpartiet kravde å få oppretta eit statleg importmonopol for å sikre matforsyninga til arbeidarar og småfolk. Bondepartiet kravde vern av produksjonen til norske bønder, som alltid vart hardast råka av økonomiske nedturar. Ved sida av desse stod konservative Høgre og kritiserte planane om importmonopol kraftig.

Resultatet vart eit kompromiss om opprettinga av eit statleg organ, Statens Kornforretning, som fekk monopol på all import av korn, slik AP og Venstre kravde. Samstundes vart kornforretninga pliktig å kjøpe opp alt korn som vart produsert av norske kornbønder, og på denne måten sikra ein at gardsbruk ikkje vart lagde ned under økonomiske kriser, men vart sikra stabil inntekt. Kornforretninga bygde opp svære kornlager til bruk i krisesituasjonar.

Kornforretninga fungerte etter målsetjingane, og etter knapt eit år i drift var den store kornsaka, som hadde dominert norsk politikk i mest 30 år, forsvunnen frå media.

1990–2000 endre

I 1995 vart forretningsdelen av Statens kornforretning privatisert under namnet Statkorn AS. Statkorn skifta seinare namn til Unikorn AS. Unikorn driv handel og import med korn, kraftfor, silodrift og korntransport.

I 2000 vart resten av Statens kornforretning samordna med Omsetningsrådet, Fraktkontoret for slakt, Landbrukets priscentral og delar av Statens landbruksbank under paraplyen Statens landbruksforvaltning.[2]

Kjelder endre

  1. Syverud, Gunnar (29. august 2023). «Statens Kornforretning». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Forvaltningsdatabasen, Statens Kornforretning, besøkt 25. august 2023.