Statistiske regionar i Serbia
Serbia er offisielt delt inn i fem statistiske regionar (serbisk статистички региони Србије, statistički regioni Srbije).[1] Regionane har ingen administrativ funksjon. Dei grunnleggjande administrative einingane i Serbia er kommunar og byar, som er samla i 29 distrikt (pluss hovudstaden Beograd, som er ein kommune, men har status på nivå med distrikta).
Historie
endreI Lov om regional utvikling (Закон о регионалном развоју, Zakon o regionalnom razvoju) av 13. juli 2009 vart det stadfesta at Serbia skulle delast inn i sju statistiske regionar:[2][3]
- Regionen Vojvodina
- Regionen Beograd
- Vestlege region (Западни регион)
- Austlege region (Источни регион)
- Sentrale region (Централни регион)
- Sørlege region (Јужни регион)
- Regionen Kosovo og Metohija
Gjennom ei lovendring 7. mai 2010 vart talet på regionar redusert til fem:[4][5]
- Regionen Vojvodina
- Regionen Beograd
- Regionen Šumadija og vestlege Serbia
- Regionen Sørlege og austlege Serbia
- Regionen Kosovo og Metohija
Den statistiske regionen Kosovo og Metohija er kontrollert av den delvis anerkjende sjølvstendige republikken Kosovo og derfor ikkje i bruk i serbisk statistikk.
Liste
endreRegion | Distrikt |
---|---|
Vojvodina Војводина |
Nord-Bačka, Nord-Banat, Sental-Banat, Srem, Sør-Bačka, Sør-Banat, Vest-Bačka |
Beograd Београд |
Beograd |
Šumadija og vestlege Serbia Шумадија и западна Србија Šumadija i zapadna Srbija |
Kolubara, Mačva, Moravica, Pomoravlje, Rasina, Raška, Šumadija, Zlatibor |
Sørlege og austlege Serbia Јужна и источна Србија Južna i istočna Srbija |
Bor, Braničevo, Jablanica, Nišava, Pčinja, Pirot, Podunavlje, Toplica, Zaječar |
Kosovo og Metohija Косово и Метохиja Kosovo i Metohija |
Kosovo, Kosovo-Pomoravlje, Kosovska Mitrovica, Peć, Prizren |
Referansar
endre- ↑ «Закон о регионалном развоју (Lov om regional utvikling)» (på serbisk). Правно информациони систем Републике Србије (juridisk informasjonssystem for Republkken Serbia). Henta 28. september 2024.
- ↑ «Седам региона за равномернији развој» (på serbisk). Politika. 4. juni 2009. Henta 28. september 2024.
- ↑ «Закон о регионалном развоју (Lov om regional utvikling)». Службени гласник Републике Српске (offisielt lysingsblad for Republikken Serbia). 14. juli 2009. s. 3. Henta 28. september 2024.
- ↑ «Смањење броја статистичких региона кроз измене Закона о регионалном развоју» (på serbisk). Влада Републике Србије (Regjeringa i Republikken Serbia). 3. februar 2010. Arkivert frå originalen 28. juli 2011. Henta 28. september 2024.
- ↑ «Закон о изменама и допунама Закона о регионалном развоју (Lov om endring av Lov om regional utvikling)». Службени гласник Републике Српске (offisielt lysingsblad for Republikken Serbia). 7. mai 2010. s. 7. Henta 28. september 2024.