Statsuniversitetet i St. Petersburg

Statsuniversitetet i St. Petersburg (russisk Санкт-Петербургский государственный университет), grunnlagt i 1724, er eit av dei eldste, største og mest prestisjetunge universiteta i Russland. Under Sovjetunionen var universitetet kjent som Statsuniversitetet i Leningrad.

Statsuniversitetet i St. Petersburg

MottoHic tuta perennat, Здесь в безопасности пребывает
Grunnlagt8. februar 1724
RektorLjudmila Verbitskaja
StadSt. Petersburg
Studentar30 000
Nettstadhttp://www.spbu.ru/ (russisk)
Hovudbygningen til universitetet på Vasilij-øya inneheld blant anna kontoret til rektor og universitets-administrasjonen. Bygningen vart oppført etter ordrar frå Peter den store.

Universitetet består av 20 fakultet og 13 forskingsinstitutt, samt krigsskule og idrettsskule. Dei fleste av universitetsbygningane er i dei to store universitetsområda på høvesvis Vasilij-øya og i Peterhof. Universitetet har over 30 000 studentar, og over 10 000 tilsette.[1] Åtte tilsette ved universitetet har motteke Nobelprisen.

Historie endre

Det er omstridt i kva grad Statsuniversitetet i Moskva eller Statsuniversitetet i St. Petersburg er det eldste universitetet i Russland. Medan Statsuniversitetet i Moskva vart grunnlagt i 1755, har Statsuniversitetet i St. Petersburg eksistert samanhengande sidan 1819, men hevdar å vidare vere eit direkte framhald av universitetsinstitusjonen som vart etablert av Peter den store i samband med grunnlegginga av Det russiske vitskapsakademiet 24. januar 1724.[1] Den første rektoren ved universitetet, Gerhardt Friedrich Müller, vart utnemnd i 1747.[1]

I utgangspunktet utgjorde universitetet eit reint forskingsinstitutt for vitskapsakademiet, men allereie frå 1726 vart det halde offentlege foredrag der. I perioden 1803 til 1819 eksisterte universitetet formelt sett ikkje. Berre pedagogisk institutt bestod i denne perioden, etablert i 1806, og dette danna grunnlaget for stiftinga av dagens universitet i 1819.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 St. Petersburg State University : University today, arkivert frå originalen 28. oktober 2012, henta 19. mars 2013 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Statsuniversitetet i St. Petersburg