Opna hovudmenyen
Ei hesje.
Foto: Kjetil Lenes
Ei tom hesje på Astruptunet i Jølster.
Foto: Sean Hayford O'Leary
Hesjing på Sunnmøre 1966

Ei hesje eller hes[1] er eit stativ for tørking av høy eller korn. «Å hesja» tyder å leggje gras på hesje. Hesja har loddrette hesjestaurar med hesjestreng (ståltråd) eller vassrette stenger mellom.

Når hesja skal setjast opp brukar ein eit jarnspett til å lage hol i jorda så staurane skal stå stødig. Avstanden mellom kvar staur er ofte om lag to meter. Den første tida ein brukte hesjar til høytørking strekte ein tynne trestenger mellom staurane. Dei vart festa med vidjer [2]. Det vart òg nytta tjøretaug[2].

Etter at det kom rimeleg ståltråd, hesjastreng, i handelen vart det gått over til det. Hesjastrengen har antan vorte festa med spikar/kjeng eller stramma i eit stikk rundt stauren.

Konstruksjonen av hesja varierer etter terreng og vèrslag der høyet skal turkast. Er det våtsamt klima kan ein ikkje ha så mykje gras i hesja som om veret er tørrare. Der ein risikerer ein del vind må hesja sikrast sidevegen, med skoler, også kalla skorder eller skore. Einer vert ofte nytta som emne til hesjestaur. Hesjestauren vert lagra frå år til år. Ofte i eigne hus, eller på faste stader på låven.

Hesjestreng er tråd laga av ei mjuk jarnlegering, oftast ein utgløda, galvanisert ståltråd. Han har god motstand mot brekking og mot korrosjon. Hesjestreng vart produsert for bruk i hesjer, men på grunn av strengen er bøyeleg har han ofte fått mange alternative bruksmåtar til dømes til provisoriske reparasjonar. At noko er reparert med hesjestreng har ofte vore assosiert til slett arbeid eller hastverksarbeid.

Hesjing erstatta flathøy (tørking på marka) på slutten av 1800-talet og var den vanlegaste måten å berga graset på fram til siloslåtten tok over på 1950/1960-talet. Hesjing gjekk då meir og meir ut av bruk og i dag finst det berre nokre få som hesjar\[3].

I norsk politikk er hesjestaur kjend gjennom eit sitat frå Per Borten. Då han skulle skildra korleis det var å vera statsminister i samlingsregjeringa Bortenregjeringa, sa han «Det har vore som å bera staur».

Sitatet spelar på at når ein skal bera ei bør med hesjestaur eller gjerdestaur, så har børa lett for å sprika og falla frå kvarandre.

ReferansarEndra

  1. «hesje» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 Hovdhaugen, E. (red.), Gard og grend — gamle bilete frå bygdesamfunnet, Bondebladet og Landbruksforlaget, 1980.
  3. Junge, S., Hesjing i Sandnesset, Tidens krav, 20/12-2014, https://www.tk.no/kultur/video/surnadal/hesjing-i-sandnesset/v/5-51-10240.

BakgrunnsinformasjonEndra

Sjå ògEndra