60°19′6″N 6°53′40″E / 60.31833°N 6.89444°E / 60.31833; 6.89444

Stavli i kveldsljoset
Stavali is located in Hordaland
Stavali avmerkt på kart over Hordaland

Stavali er ein gamal støl i Ullensvang herad i Hordaland. Han ligg på vestdelen av Hardangervidda, 1024 m.o.h.

Det har vore stølsdrift i området allereie på 1600 - 1700-talet. I 1939 bygde Bergen Turistforening ei hytte på Stavali. Hytta er i dag restaurert, er eigd av Bergen Turlag og fungerer som ei av turisthyttene til Den Norske Turistforening. Ho ber namnet Stavali Turisthytte.

Turistforeininga driv støl her om somrane, men då mest for turistane sin del. Her held dei gamle kurasar og sel stølsmat til dei besøkjande.

Det er berre om somrane at hytta er bemanna. Ho er tilgjengeleg heile året, men utanom sommarsesongen står ho tom, utstyrt med proviant.

Hytta er lettast tilgjengeleg ved å gå frå Kinsarvik gjennom Husedalen, eller frå Lofthus. Frå Stavali er det mogleg å gå vidare til Vivelid, Hadlaskard, Hedlo og Torehytta.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre