Torehytten
(Omdirigert frå Torehytta)
60°12′37″N 7°2′4″E / 60.21028°N 7.03444°E
Torehytten (etter skrivemåten til Den Norske Turistforening og Statens kartverk,)[1] er ei sjølvbetjent turisthytte på Hardangervidda, i Ullensvang herad. Ho er den mest nærliggande hytta i Den Norske Turistforening sitt rutenett for turar til Hårteigen.
Denne hytta ligg ved Øvre Solvatnet, på rundt 1300 moh. Ho vart bygd i 1964 og er i dag eigd av Turistforeninga.
Torehytten er ikkje lett tilgjengeleg, men kan lettast nåast frå Hjølmadalen i Eidfjord via Hedlo og Hadlaskard. Hytta kan elles tilrådast som eit overnattingsalternativ på ruta frå Haukeliseter til Kinsarvik.
Frå Torehytten er det også merka ruter til Stavali, Hadlaskard, Tyssevassbu og Litlos.
Kjelder
endre- Artikkelen er basert på artikkelen om Torehytten på Wikipedia på bokmål.
- DNT si skildring av Torehytten.[daud lenkje]
- ↑ Vêrvarsel for Torehytten på yr.no, om godkjente og ikkje-godkjente skrivemåtar, arkivert frå originalen 12. juli 2015, henta 9. juli 2009