Hedlo er ein gamal støl i Eidfjord kommune i Vestland fylke. Hedlo ligg på vestdelen av Hardangervidda, 950 meter over havet.

Hedlo Turisthytte

endre
 
Hedlo Turisthytte

Hedlo Turisthytte er opphavleg ein støl for garden Myklathun i Øvre Eidfjord. I 1923 kunne ein lese i DNT si årbok at Lars Myklatun tok i mot turistar på setra si. I 1926 bygde han på setra, og ho er sidan utvidet både i 1936 og i 1950. Hedlo har no 50 senger, og er fortsatt eigd og driven av same familie.

Hedlo Turisthytte er i dag ei betjent privat turisthytte og ligg ved elva Veig i Veigdalen i Hardangervidda nasjonalpark. Hytta er open for gjestar om sommaren, frå juli til august. Frå turisthytta er det merka sommarruter til Besso, Sandhaug, Bjoreidalshytta, Fossli, Vivelid og Stavali.

Ved sidan av hytta ligg det ei imponerande steinhelle som har vore brukt som losji i uminnelege tider. Hytta har fått namn etter denne.

 
Hedlo Turisthytte fotografert vinterstid.

Kjelder

endre
 
Utsikt over elva Veig med Hedlo Turisthytte i bakgrunnen.

Bakgrunnsstoff

endre