Stavanger idrettshall
Stavanger idrettshall ligg på Tjensvoll ved Mosvatnet i Stavanger. Hallen vart teken i bruk i 1979 og brukt til badminton, bordtennis, handball, innebandy og volleyball. Elles er det løpebaner, styrketreningsrom og hoppegrop for tresteghopp og lengdehopp.
Stavanger idrettshall | |||
| |||
Stavanger idrettshal | |||
Stad | Tjensvoll | ||
---|---|---|---|
Opna | 1979 | ||
Stavanger idrettshall 58°57′15″N 5°42′02″E / 58.9542°N 5.70056°E |
Opphavleg kunne idrettshallen ta i mot 6 000 tilskodarar, i dag er hallen sertifisert for 4 100 tilskodarar.
Både under Handball-VM 1993 og Handball-VM 1999 for kvinner og Handball-EM 2008 for karar vart det arrangert landskampar i Stavanger idrettshall.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stavanger idrettshall» frå Wikipedia på bokmål, den 19. november 2022.