Mosvatnet

innsjø i Stavanger kommune

Mosvatnet er eit innlandsvatn i Stavanger kommune i Rogaland fylke. Mosvatnet ligg i bylutane Hillevåg og Eiganes og Våland og er 0,46 km² stort – det tredje største i Stavanger etter Hålandsvatnet og Store Stokkavatn. Det er 3,2 meter på det djupaste, og ligg 37 meter over havet.

Mosvatnet
innsjø
Mosvatnet islagt
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Stavanger
Høgd over havet 37 moh.
Areal 0,46 km²
Største djupn 3,2 m
Kystlengd1 2,85 km
Koordinatar 58°57′21″N 5°42′44″E / 58.95583°N 5.71222°E / 58.95583; 5.71222
Kart
Mosvatnet
58°57′25″N 5°42′43″E / 58.957°N 5.712°E / 58.957; 5.712
Wikimedia Commons: Mosvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Mosvatnet var drikkevatn i byen frå 1863 til 1931.

Dyreliv endre

Vatnet og området rundt har eit rikt fugleliv. I 1998 vart det observert 143 forskjellige fugleartar her. Stokkand, toppand, hettemåke, knoppsvane og sothøne hekkar her. I bøkeskogen finst mellom anna bokfink, gråtrost, raudvengjetrost, lauvsangar, kjøttmeis og raudstrupe. Området er difor skildra som eit eldorado for ornitologar.

Friluftsliv og camping endre

Ved sørenden ligg Mosvangen Camping, Stavanger Svømmestadion Gamlingen og Vålandsskogen. På vestsida finn ein Rogaland Kunstmuseum

Mosvatnet er det suverent mest nytta friluftsområdet i Stavanger. Utvalstellingane som vart føreteke i 1995 viste at rundt 560 000 personer brukte turstien rundt Mosvatnet. Vaksne turgåarar var dei ivrigaste brukarane. Syklistar og joggarar utgjorde òg ei stor brukargruppe. Stien rundt vatnet er rundt 3,2 km lang.

  Denne geografiartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.