Stavern bilfabrikk

Stavern bilfabrikk AS vart stifta 6. november 1917 i Stavern i Vestfold og tok til å produsera lastebilar i 1919. Dei fyrste av desse hadde elektrisk drift[1], Motorane, på 5 kW (7 hk) vart produserte av Sola elektromaskinfabrikk og batteria vart importerte frå USA. Nyttelasta var på 2 tonn og køyrelengda mellom kvar opplading var 60-70 km. Bilane hadde heilgummidekk.

Elbilane var ingen suksess og i 1920 gjekk fabrikken over til Continental bensinmotorar med ei effekt på 30 kW (40 hk)[1]. Sjølv om både Statens vegvesen og NSB investerte i lastebilar frå Stavern gjekk det sevje med salet og i 1924 vart føretaket nedlagt. Det vart i alt produsert rundt 40 lastebilar i Stavern. Ein av desse finst framleis og står utstilt på Norsk køyretøyhistorisk museumLillehammer[2].

I Statens vegvesen si teneste

endre

Ein av lasteautomobilane som Statens vegvesen kjøpte kosta kr 16.000 og vart nytta til å grusa vegane i Sogn og Fjordane[2]. I korrespondanse mellom amtsingeniør Christopher Engebreth Brock i Bergenhus amt og ein kollega, Carl Crøger i Oppland, går det fram at Statens vegvesen Oppland òg hadde ein lastebil frå Stavern bilfabrikk.[2] I eit svarbrev til Brock fortalte Crøger at bilen på eit år hadde tilbakelagt over 3000 km og at han var «særdeles vel fornøjet» med han[2].

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Kvamme, P., Trollmenn & askeladdar: Norges kuriøse bilproduksjon, Det Norske Samlaget, 1999
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Askeland, K., Historia om maskindrifta i Statens vegvesen Sogn og Fjordane, Skald, 2002