Steep Holm er ei øy i Bristolkanalen i Somerset i England. Ho er 20 hektar stor ved høgvatn og 25 hektar ved lågvatn.[1] Det høgaste punktet på øya er 78 meter over havet.

Steep Holm
Geografi
Stad Bristolkanalen
Koordinatar 51°20′23″N 3°06′35″W / 51.33972°N 3.10972°W / 51.33972; -3.10972

Lengd 1 km
Breidd 0,4 km

Høgaste punkt 78 moh.
Administrasjon
Land England
Grevskap Somerset

Øya ligg inn mot botn av Bristolkanalen og tar imot vind og bølgjer for dei indre områda. Ho består av kalkstein og er geologisk ei fortsetjing av Mendip Hills i Brean Down.[2] Øya er ikkje busett lenger, bortsett frå oppsynsmennene og ho har status som naturreservat og Site of Special Scientific Interest (SSSI, stad av særleg vitskapleg interesse).[3] Like ved ligg øya Flat Holm som høyrer til Wales.

På 500-talet budde heiage Gildas på Steep Holm og vitja venen sin heilage Cadoc, som budde på Flat Holm som eremitt.[4] Gildas forlet øya og vart abbed i Glastonbury.[5]

Kjelder endre

  1. Legg, Rodney (1995). The Steep Holm Guide: The history of the Island off Weston-super-Mare (2. utg.). Wincanton: Wincanton Press. ISBN 0-948699-49-3. 
  2. Coysh, A.W.; E.J. Mason; V. Waite (1977). The Mendips. London: Robert Hale Ltd. ISBN 0709164262. 
  3. «Citation - Steep Holm» (PDF). English Nature. Henta 25. januar 2010. 
  4. Rutter, John (1829). Delineations of the north western division of the county of Somerset. G. Olms. s. 95. 
  5. Clay, Rotha Mary (1914). «The Hermits and Anchorites of England.» (PDF). Methuen & Co. London. s. 9. Henta 25. januar 2010. 

Bakgrunnsstoff endre