Heilage Gildas (fødd ca. 500, død 570) var ein britonsk prest i det som i dag er Storbritannia. Han er ein av dei best dokumenterte kristne på Dei britiske øyane i denne tida. Han var kjent for å ha vore svært lærd og for den litterære stilen sin, som gav han nemninga Gildas Sapiens (Den vise Gildas). Verket hans De Excidio et Conquestu Britanniae (Om øydelegginga og erobringa av Britannia) er ei av dei få samtidige kjeldene som finst om Storbritannia like etter at romarane trekte seg ut. Gildas blei innsett i kyrkja, og i verka sine dyrkar han klosteridealet. Fragment av brev han skreiv viser at han skreiv eit regelverk for klosterliv som var litt mindre strengt enn reglane skrivne av ein samtidig av han, heilage David av Wales. Forskaren David N. Dumville meiner at han var læraren til Vennanius av Findbarr, som i sin tur var læraren til Columba av Iona.

Gildas

FøddDumbarton, Kongedømmet Strathclyde
DødRhuys Peninsula
Tittelabbed
LandKongedømmet Strathclyde
BarnAllgo, Saint Eigrad, Gwynog

Liv og virke endre

Det er att to vita, eller helgenbiografiar, om Gildas. Den eldste blei skriven av ein munk på halvøya Rhuys i Bretagne, kanskje på 800-talet; den andre blei skriven av walisiske Caradoc av Llancarfan, ein venn og samtidig av Geoffrey av Monmouth, og blei skriven ein gong på midten av 1100-talet. Caradoc, som truleg skreiv ved Llancarfan i Wales, nemnar ikkje noko samband med Bretagne, og det er mogleg at Gildas av Britannia og Gildas av Rhuys var to ulike personar. I andre detaljar utfyller likevel dei to biografiane kvarandre.

Rhuys endre

Den fyrste helgenbiografien, skriven ved Rhuys av ein ikkje namngjeven forfattar, fortel at Gildas var son av Caunus (Caw) og fødd i distriktet Alt Clut i Hen Ogledd, det brytonsktalande området i nordlege Britannia. Han blei sett i fostring hjå sankt Hildutus (Illtud av Wales) i klosterskulen ved Llan Illtud Fawr saman med Samson av Dol og Paul Aurelian (Paulinus Aurelianus). Han drog seinare til Iren (Irland) for å fortsetja studiane sine. Etter å ha blitt ordinert som prest drog han tilbake til Hen Ogledd for å preika for heidningane. Sankt Brigidda (Brigid av Kildare, død 524) bad om eit teikn og Gildas fekk gjort ei klokke som vart sendt til henne. Ainmericus (Ainmuire mac Sétnai, 566-569), overkonge av Irland, bad Gildas om å gjeninnføra kyrkjeordenen, noko han så gjorde. Han reiste til Roma og deretter til Ravenna.

Han kom så til Bretagne og busette seg på øya Rhuys, der han levde eit einsamt liv.[1] Seinare bygde han eit kloster her. Han reiste eit oratorium (bønnerom) ved breidda av elva Blavetum (elva Blavet). Ti år etter at han hadde forlate Britannia skreiv han ei epistelbok der han irettesette fem av dei britiske kongane. Han døydde ved Rhuys den 29. januar og lekamen hans blei etter hans eige ønske lagt i ein båt og sett i drift. Tre månader seinare, den 11. mai, fann menn frå Rhuys båten i ei vik med liket til Gildas framleis intakt. Dei tok med seg liket tilbake til Rhuys og gravla det der.

Llancarfan endre

 
Kjelda til sankt Gildas i Saint-Gildas-de-Rhuys i Morbihan

Caradoc av Llancarfan, påverka av Geoffrey av Monmouth og dei normanniske patronane hans, og med lån frå helgenbiografien Livet til Cadoc og andre kjelder, måla eit anna bilde enn det som er skildra over. Helgenbiografien hans over Gildas hevdar at han blei utdanna i Gallia og trekte seg tilbake i einsemd ved landsbyen Street i nærleiken av Glastonbury. Han skal ha bygd ein llan, ein einebuarplass med ei kyrkje vigt til treeininga og ei innhegning. Restar av plassen som er knytt til han er synleg ved kyrkja Holy Trinity i Street. Etter at han døydde blei han gravlagd ved klosteret Glastonbury Abbey. Det er blitt hevda at denne informasjonen kan vera propaganda frå klosteret si side som ønskte å knyta til seg namnet til ein helgen.

Caradoc fortel ei historie om korleis Gildas blanda seg inn mellom kong Arthur og ein viss kong Melwas av «Sommarlandet» (Gwlad yr Haf, Somerset) som hadde bortført dronning Guinevere og ført henne til festninga si ved Glastonbury. Arthur kom til staden og omleira han. Den fredsmeklande helgenen overtalte Melwas til å setja Guinevere fri, og dei to kongane inngjekk fred med kvarandre. Dette er den tidlegaste bevarte forteljinga om kidnappinga Guinevere, som blei utbreidd i seinare litteratur. Biografiar over personar frå denne tida som er skrivne så lenge etter at dei levde blander nesten alltid saman myte og røyndom. Om dette skjedde eller om det berre er ein del av arthurlegenda er heilt uvisst.

Caradoc fortel òg at brørne til Gildas gjorde opprør mot Arthur og nekta å anerkjenna han som overherre. Arthur forfølgde Huail ap Caw, den eldste av brørne, og drap han. Gildas preika i Armagh i Irland på denne tida, som ifølgje Annales Cambriae fann stad i 565, og han blei fylt med sorg over nyheita om døden til broren. At Arthur drap broren, slik Caradocs Vita fortel, kan det vera årsaka til at heltekongen ikkje blir nemnd i Gildas si De Excidio Britanniae. Huail sin fiendskap med Arthur var tilsynelatande eit populært emne: han er òg nemnd som ein fiende av Arthur i den walisiske prosaforteljinga Culhwch og Olwen, skrive ein gong rundt 1100

Ifølgje med dateringene i Annales Cambriae ville Gildas ha vore ein samtidig av kong Arthur. Verka hans nemnar likevel aldri Arthur med namn.

Andre tradisjonar endre

 
Kjelda til sankt Gildas i Magoari Bretagne

Ein sterk tradisjon i nordlege Wales plasserer halshogginga av Gildas sin bror Huail ap Caw ved Ruthin, der steinen der han blei avretta skal ha blitt bevart ved torget i byen. Ein annan bror av Gildas, Celyn ap Caw, heldt til ved Garth Celyn på nordkysten av Gwynedd og landområdet i det nordaustlege hjørnet av Angelsey.

Gildas er blitt tillagt ein hymne kalla Lorica eller «Brystpanser», ei bønn om frelse frå det vonde og som inneheld leivningar av hiberno-latin. Eit ordtak er òg tilskrive Gildas: mab y Gaw in the Englynion y Clyweid[2]

I Bonedd y Saint (Helgenanes avstamming) er Gildas blitt oppgjeve som far til tre søner og ei dotter. Gwynnog ap Gildas og Noethon ap Gildas er nemnde i dei tidlegaste traktatane, saman med systera Dolgar. Ein annan son, Tydech, er nemnd i eit seinare dokument. Iolo Morganwg legg sankt Cenydd til lista.

Forskaren David Dumville har føreslått at Gildas var læraren til Vennianus av Findbarr, som igjen var læraren til sankt Columba av Iona.[3] Forskaren Thomas Stephens kom fram til at han truleg var far til diktaren Aneirin.

De Excidio et Conquestu Britanniae endre

Gildas sitt hovudverk er De Excidio et Conquestu Britanniae ('Om øydelegginga og erobringa av Britannia'), ei preike i tre delar som fordømmer samtidige av han, både sekulære og religiøse. Den fyrste delen består av Gildas si forklaring av verket sitt og ei kort forteljing om romersk Britannia frå erobringa og fram til hans eiga tid. Han skildrar handlingane til romarane og misnøya til britonarane, der britonarane sende ei siste oppfordring om militær støtte frå det vekkreiste romerske militæret.

Han refsa britonarane for syndene deira medan han på same tid fremja heltar som Aurelius Ambrosius. Gildas er den fyrste til å beskriva denne som ein leiar av motstanden mot saksarane. Han nemner sigeren i slaget ved Mons Badonicus som i seinare tekstar er blitt tilskriven kong Arthur, men Gildas er uklar om kven som leidde slaget.

Del to bestod av fordømminga av fem britonske kongar, Constantine, Aurelius Conanus, Vortiporius, Cuneglas og Maelgwn. Ettersom Gildas er den einaste samtidige som gir informasjon om desse er denne delen av særleg interesse for forskarar av britisk historie.

Del tre består av eit tilsvarande angrep på presteskapet i hans tid.

Kjelder endre

  1. Øya Rhuys er i dag forbundet med fastlandet som en halvøy.
  2. Nevnt i Llanstephan MS. 27.
  3. Katolsk.no: Den hellige Finnian av Moville (~493-~579)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gildas
Litteratur
Nettstader