Stefania Belmondo

Stefania Belmondo (fødd 13. januar 1969) er ein italiensk tidlegare langrennsløpar frå Vinadio i provinsen Cuneo i Piemonte. Ho vart olympisk meister på 30 km i 1992 i Albertville og på 15 km i 2002 i Salt Lake City. Både i 1993 og 1999 tok ho to VM-gull, ved begge høva på 15 km jaktstart, samt fyrste gongen også på 30 km, medan ho i 1999 sigra på 15 km. Belmondo vann verdscupen i langrenn i 1999, og kom tre gongar på andreplass i same.

Stefania Belmondo


Statsborgarskap Italia
Fødd 13. januar 1969 (55 år)
Vinadio
Idrett langrenn, alpint
Tok del i

Vinter-OL 1998, Vinter-OL 1988, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – women's 10 kilometre classical, langrenn under Vinter-OL 1992, langrenn under Vinter-OL 1994, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen, kommandør av Republikken Italias fortjenstorden

Aktiv endre

Frå 1991 til 2002 vann Belmondo seks gullmedaljar, ti sølvmedaljar og sju bronsemedaljar i ulike verdsmeisterskap og vinterleikar. Ho tok 13 VM-medaljar (4-7-2) og ti OL-medaljar (2-3-5), i alt 23 medaljar.

Belmono vart nummer to i verdscupen i 1991 og i 1992, begge gongane bakom Jelena Välbe frå Sovjetunionen. I 1993 hamna ho på tredjeplass, medan ho i 1997 var tilbake på andreplass, atter ein gong måtte ho si overkvinne i Jelena Välbe, som då representerte Russland. OL-sesongen 1998 vart Belmondo nummer tre att, før ho endeleg i 1999 vann verdscupen i langrenn for kvinner, framom norske Bente Martinsen. I sin siste sesong på toppnivå, 2002, var Belmondo med sin tredjeplass for sjuande gong ein av verdas tre beste kvinnelege langrennsløparar. Ho sigra i til saman 23 renn i verdscupen.

I 1997 vart Belmondo tildelt Holmenkollmedaljen, samstundes med Bjørn Dæhlie og Bjarte Engen Vik.

Under opningsseremonien til vinter-OL 2006 i Torino tende ho den olympiske flammen.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre