Steffen Haraldsen

Steffen Haraldsen (fødd 27. mars 1986 i Bergen) er ein norsk fotballspelar. Han spelar i eliteserieklubben Brann, der han er ei av dei tre målvaktene på A-laget.

Steffen Haraldsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mars 1986 (38 år)
Idrett fotball

Haraldsen kom frå Molde før 2005-sesongen, der han kombinerte vidaregåande utdanning med å vera reservelags- og juniorkeeper i klubben. Han er opphavleg frå Bildøy utanfor Bergen, og starta karrieren i Øygard. I Brann har Haraldsen vore tredjeval og har og aldri sleppt til på A-laget, men han har sete på innbytarbenken i enkelte eliteseriekampar.

Bakgrunnsstoff endre