Steffen Olai Steffensen
Steffen Olai Steffensen, til vanleg S.O. Steffensen, (25. januar 1842–23. desember 1928) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Fet i Akershus, stortingsmann og 1886-1902 ordførar.
Steffen Olai Steffensen | |||
Fødd | 25. januar 1842 | ||
---|---|---|---|
Død | 23. desember 1928 (86 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Steffensen tok eksamen 1863 ved ein landbruksskule på storgarden Abildsø i dåverande Aker herad. Frå 1871 dreiv han garden Blæsa i Fet, gardsbruket mor hans kom frå. Han var medlem i heradsstyret 1872-84 og 1886-1902, frå 1886 ordførar til 1902. Medlem i amstutvalet 1887-99. I tillegg var han forlikskommissær i fleire bolkar frå 1887 til kringom 1915, åstadskommissær, skattekommissær, medhjelpar i kyrkja, og hadde elles ei rad andre verv i det private og offentlege liv. Valperioden 1898-1900 representerte han Akershus på Stortinget, medlem i Konstitusjonskomiteen. Frå 1909 var han styreformann i Kristiania meieribolag.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
- Aftenposten 28. desember 1928