Fet kommune

kommune i Akershus

Fet var ein norsk kommune i Akershus fylke. Kommunen grensa mot Skedsmo og Sørum i nord, Aurskog-Høland i aust og mot Trøgstad i sør. Den 1. januar 2020 vart Fet slegen saman med Sørum og Skedsmo kommunar til nye Lillestrøm kommune.[1]

Fet kommune
kommune
Fetsund&bru.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Fetsund
Areal 176 km²
 - land 144 km²
 - vatn 32 km²
Folketal 11 663 (1. januar 2018)
Målform bokmål
Ordførar J. H. Skoglund (Ap)
Kommunenr. 0227
NO 0227 Fet.svg
Wikimedia Commons: Fet
Nettstad: www.fet.kommune.no
Fetsund lenser
Foto: Anders Fagerjord
Fetsund stasjon

Dei viktigaste næringsvegane i kommunen var jordbruk, skogbruk og industri. Mange innbyggjarar hadde arbeid utanfor kommunen.

Ved utløpet til Glomma i innsjøen Øyeren ligg Fetsund Lenser. Tømmer frå skogane langs Glomma vart bunta saman og frakta med båtar til dei mange sagbruka langs Øyeren og i Lillestrøm. Lensene og området kring er teke vare på som museum, og framstår i dag som eit kulturminne og turområde.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra