Stein Skaftesson (norrønt: Steinn Skaftason) var ein islandsk skald som levde på byrjinga av 1000-talet.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Far hans var den mektige lovseiemannen og skalden Skafte Toroddsson og mor hans var Tora Steinsdotter. Dei budde på garden Hjalle i Ølfus (Hjalli i Ölfus) på Island. Bror til Stein var Torstein Skaftesson og syster hans var Torkatla, som var gift med Katli (Kettil), bror til biskop Isleif (Ísleifur Gissurarson).

Stein Skaftesson er nemnt i dei norrøne kongesogene, til dømes i Soga om Olav den Heilage, i Flatøyboka og i Fagerskinna. Det finst ei eiga islendingesoge om han, Steins þáttr Skaftasonar[1].

Snorre skildrar han som ein fager mann, ein ovkar i idrott, og han slo stort på og var ærekjær. Han var truleg hos Olav den heilage i Noreg i tida omkring 1026, og skal då ha kome litt på kant med kongen. Truleg våren 1028 for han vest til England der han tok teneste hjå kong Knut den store, og Snorre skriv at han «var lenge hos han i akt og ære».

I Skaldatal[2] har Snorre ført opp Stein Skaftesson som skald, men berre knytt til kong Knut.
Truleg gjorde han dikt både om kong Olav og kong Knut, men ikkje noko av diktinga hans er blitt bevart.

Referansar endre

  1. Soga om Stein Skaftesson frå heimskringla.no (norrøn tekst)
  2. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource

Bakgrunnsstoff endre