Stein Ugelvik Larsen

Stein Ugelvik Larsen (fødd 17. mars 1938 i Ålesund) er ein norsk statsvitar. Frå 1969 til 2008 var han tilsett ved Universitetet i Bergen, Institutt for sammenlignende politikk, og vart etter det professor emeritus.[1]

Stein Ugelvik Larsen
Fødd1938
NasjonalitetNoreg
Yrkestatsvitar

I forskinga si har Larsen særleg vore oppteken av fascisme og nazisme, og norsk krigshistorie. Han gjekk mellom anna i spissen for å kartlegge tilhøva for norske krigsbarn.[1] Hans redigerte verk om teori og metode i samfunnsfaga er omsett til engelsk, tysk, russisk og kinesisk. På 2000-talet leia han arbeidet med å kartlegge leivningar etter norske frontkjemparar som fall på Kaprolat-høgda i Karelen.[2]

Larsen er grunnleggar av NorgesLexi,[3] ei samling digitalisert materiale, hovedsakleg om Noreg under andre verdskrigen, og som også har digitaliserte versjonar av Pax Leksikon og Arbeidernes Leksikon.

Stein Ugelvik Larsen mottok i 2009 Kongens fortjenstmedalje i gull.[4]

Familien Ugelvik dreiv Djupvasshytta i Geiranger, og Larsen vurderte som ung å ta over drifta. Djupvasshytta blei seld ut av familien i 1965.[5]

  • Blodbadet i Karelen: skijegerbataljonens undergang Historie & Kultur 2015 ISBN 9788283230086
  • med Beatrice Sandberg og Volker Dahm, Meldungen aus Norwegen 1940-1945. Die geheimen Lageberichte des Befehlhabers der Sicherheitspolizei und des SD in Norwegen, seks bind, München: Oldenburg, 2008
  • med António Costa Pinto og Roger Eatwell (red.), Charisma and fascism in interwar Europe, London: Routledge, 2007
  • Teori og metode i geografi, Bergen: Fagbokforlaget, 2006
  • (red.): Theory and methods in political science. The first steps to synthesize a discipline, Boulder: Social Science Monographs, 2005
  • med Ekkart Zimmermann (red.), Theorien und Methoden in den Sozialwissenschaften, Wiesbaden: Westdeutscher Verlag, 2003
  • (red.), Teori og metode i statsvitenskap, Bergen : Fagbokforlaget, 2003
  • (red.), Fascism outside Europe. The European impulse against domestic conditions in the diffusion of global fascism, New York: Columbia University Press, 2001
  • (red.), The Challenges of theories on democracy. Elaborations over new trends in transitology, 2000
  • (red.), Teori og metode i samfunnsfaga, 1999
  • (red.), I krigens kjølvann. Nye sider ved norsk krigshistorie og etterkrigstid, 1999
  • På vakt mot ideologiene. Om hvordan fordreid kunnskap, politisk strategi og hatet som drivkraft er nøkkelen til forståelsen av nynazismens aktivitet i Tyskland, 1995
  • Den norske kirkes politiske stilling belyst ved konflikten omkring "den rette kirke" og NS-kirken under okkupasjonen, 1976
  • (sammen med Bjarte Birkeland), Nazismen og norsk litteratur, 1975
  • De Valeras Irland, 1966
  • Mot eget Fiskeridepartement. Noen trekk ved Noregs Fiskarlags virksomhet foran endringer i den offentlige administrasjon, 1964

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 «Ugelvik Larsen mottok Kongens fortjenstmedalje». På Høyden. 22. januar 2009. Henta 23. juni 2017. 
  2. «iFinnmark - Ber om DNA
    fra slektninger»
    . www.ifinnmark.no (på norsk). 24. juli 2010. Henta 21. juni 2017.
     
  3. «Gjør opprør mot kommersielt nettleksikon». Digi.no (på norsk). 24. august 2001. Henta 23. juni 2017. 
  4. «Kongens gull til Ugelvik Larsen | Universitetet i Bergen». www.uib.no (på norsk bokmål). 23. januar 2009. Henta 23. juni 2017. 
  5. «Djupvasshytta». Sunnmørsposten. 3. juli 2009.

Bakgrunnsstoff

endre