Steinbygningar i Gulen

Steinbygningar i Gulen er bygningar i Gulen kommune der det er brukt steinmurar som vegger. Bruk av steinmura hus og steingjerde er særtrekk ved byggjeskikken i Gulen. Ein brukte også gråstein som byggjemateriale i til dømes løebygningar. Då brukte ein stein heilt opp til mønet. Ein del sjøbuer og naust og til og med bustadhus vart bygd på denne måten.

Eit steinhus ved Dalsøyra. Foto: Frode Inge Helland.
Steinbygning ved Molde
Foto: Bjarna Thune
Steinbygning ved Molde
Foto: Bjarna Thune

Byggjeskikken endre

Stein er mykje brukt i byggjeskikken langs kysten i Noreg der det var skogfattig. Men dei fleste og mest varierte steinbygningane finst i Nordhordland og Gulen. På fleire gardar i Gulen er det innslag av steinmurar i alle bygningane, i tillegg til steingardar som kan ha innebygde fjøs i skilje mellom utmark og innmarksbeite.

Husmurane var bygd som doble kyrkjemurar utan nokon form for bindemiddel, anten som vern mot kald vind eller som beremur som til dømes på Molde på Dalsøyra. Murane er gjerne tjukke i botnen og smalnar mot toppen. Vatnet vart drenert vekk frå innerveggane, og veggane er på mange hus utruleg jamne. I dei store steinløene, som til dømes på Midttun i Eivindvik er beremuren ofte kombinert med grindverk.

På garden Midtun i Eivindvik står eit steinmurt uthus frå 1885. Det måler 20 · 9 meter og er 10 meter høgt. I dette huset er det berre brukt jordbroten stein, altså stein som ikkje er skoten ut i steinbrot.

Byggjetradisjonen kan gå tilbake til mellomalderen, men mykje tyder på at dei fleste steinbygningane i Gulen er frå tida etter utskiftingane på 1800-talet fram til omkring 1900.

Kjelder endre

  • Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia.