Steinbrot er å bryte ut eller å ta ut stein frå fjellet, alternativt nemning på staden dette vert gjort. Steinbrotsverksemd er det arbeid som må til for å ta ut ein bergressurs frå der han ligg i fast fjell til han er klar for sal. Det kan vere lausmasse eller steinblokker. Steinen ein vinn ut kan nyttast til bygningselement som større blokker eller plater, eller knust og sikta som byggeråstoff (slik som pukk).[1]

  • Ein stein er ei laus blokk, ein steinblokk eller eit stykke av ein bergart.
  • Fjellet er massivt, fastsitjande og sett saman av bergartar.
Marmorbrot i Carrara.
Steinbrot i Vistdal der det vert teke ut vistdalitt.

Fjellmassar har frå uminnelege tider vore utsette for naturkrefter, som samandragingar i storkningsperioden og belastingar som trykk og temperaturendringar. Vulkansk aktivitet og nedsekkingar ved foldingar i jordskorpa (mantelen), istider og breflyttingar som har gitt mekaniske påverknadar. Desse påverknadane betyr mykje og avgjer om natursteinsførekomsten kan drivast økonomisk forsvarleg.

Bergartar har ulik struktur og spalteeigenskapar, noko som medfører at det må takast ulike omsyn, derfor føregår brotverksemd på mange måtar etter kva slags bergart som vert teken ut.

Nokre ulike måtar å drive brotverksemd på:

Nokre norske steinbrot

endre

Kjelder

endre