Steinkjer Fotballklubb

Steinkjer Fotballklubb, frå 1921 til 1988 under namnet Steinkjer Idretts- og Fotballklubb, er eit idrettslag i Steinkjer stifta 29. mai 1910. Fotballaget spelar heimekampane på Guldbergaunet, eit stadion som vart teke i bruk i 1952. Laget spelar i gule trøyer og svarte bukser. Publikumsrekorden på 13 997 tilskodarar er frå ein semifinalekamp mot oslolaget Lyn i NM 1970.

Soge endre

Laget var ein rein fotballklubb frå skipinga til 1921, då det vart slått saman med Steinkjer Idrettsforening. Fram til 1950-åra gjorde SIFK lite av seg i nasjonal fotball. Gunnar Dybwad var då den fremste spelaren på Steinkjer, og vart i 1951 den fyrste fotballspelaren frå eit lag nord for Trondheim som kunne kle på seg den norske landslagstrøya.

Steinkjer rykte i juni 1956 opp i Hovudserien, men måtte to år seinare nedatt i landsdelsserien. I 1961 vann Steinkjer si avdeling av landsdelserien og fekk spele mot alle dei beste laga i landet. I den såkalla maratonserien, 1. divisjon 1961-62, overraska laget stort og kneip sølvplassen med 41 poeng, like mange som Fredrikstad Fotballklubb, men med betre målskilnad. Einast seriemeister SK Brann med sine 46 poeng var betre i ein sesong som innleia det nye seriesystemet i Noreg. Hausten 1961 tok SIFK seg også til semifinalen i noregsmeisterskapen, tidlegare hadde klubben aldri nådd lenger enn 4. runde. Spelarar som Edgar Stakset, Jens Rosenlund, Olav Håkon Blengsli og Arne Kotte heldt alle høgt nasjonalt nivå.

Steinkjer vart nest sist i 1. divisjon 1963 og rykte ned i lag med Gjøvik/Lyn. Utover i siste del av 1960-åra og i 1970-åra kjempa klubben mange gongar om opprykk frå 2. divisjon. Hausten rykte Steinkjer opp, men 1979-sesongen vart eit vonbrot og SIFK var aldri i nærleiken av å berge vidare spel i toppdivisjonen. Spelarar som Dag Roar Austmo, Geir Jenshus, Finn Roy Vådahl, Tor Brevik og Joar Vaadal drog tyngste lasset fram til 1980.

Steinkjer nådde semifinalane i cupen i 1961, 1970, 1976, 1977 og 1983. Sidan 1987 har klubben spelt på nivå tre og fire i norsk seriefotball.

Kjelder endre