Steinkjer Fotballklubb
Steinkjer Fotballklubb, frå 1921 til 1988 under namnet Steinkjer Idretts- og Fotballklubb, er eit idrettslag i Steinkjer stifta 29. mai 1910. Fotballaget spelar heimekampane på Guldbergaunet, eit stadion som vart teke i bruk i 1952. Laget spelar i gule trøyer og svarte bukser. Publikumsrekorden på 13 997 tilskodarar er frå ein semifinalekamp mot oslolaget Lyn i NM 1970.
SogeEndra
Laget var ein rein fotballklubb frå skipinga til 1921, då det vart slått saman med Steinkjer Idrettsforening. Fram til 1950-åra gjorde SIFK lite av seg i nasjonal fotball. Levanger-mannen Gunnar Dybwad var då den fremste spelaren på Steinkjer, og vart i 1951 den fyrste fotballspelaren frå eit lag nord for Trondheim som kunne kle på seg den norske landslagstrøya.
Våren 1961 vann Steinkjer si avdeling av landsdelserien og fekk for fyrste gong spele mot dei beste laga i landet. I den såkalla maratonserien, 1. divisjon 1961-62, overraska laget stort og kneip sølvplassen med 41 poeng, like mange som Fredrikstad Fotballklubb, men med betre målskilnad. Einast seriemeister SK Brann med sine 46 poeng var betre i ein sesong som innleia det nye seriesystemet i Noreg. Hausten 1961 tok SIFK seg også til semifinalen i noregsmeisterskapen, tidlegare hadde klubben aldri nådd lenger enn 4. runde. Spelarar som Edgar Stakset, Jens Rosenlund, Olav Håkon Blengsli og Arne Kotte heldt alle høgt nasjonalt nivå.
Steinkjer vart nest sist i 1. divisjon 1963 og rykte ned i lag med Gjøvik/Lyn. Utover i siste del av 1960-åra og i 1970-åra kjempa klubben mange gongar om opprykk frå 2. divisjon. Hausten rykte Steinkjer opp, men 1979-sesongen vart eit vonbrot og SIFK var aldri i nærleiken av å berge vidare spel i toppdivisjonen. Spelarar som Dag Roar Austmo, Geir Jenshus, Finn Roy Vådahl, Tor Brevik og Joar Vaadal drog tyngste lasset fram til 1980.
Steinkjer nådde semifinalane i cupen i 1961, 1970, 1976, 1977 og 1983. Sidan 1987 har klubben spelt på nivå tre og fire i norsk seriefotball.
KjelderEndra
- Magnus Breili: Fotballboken. 1967
- heimeside