Steintræbakken
veg i Bergen kommune
Steintræbakken er ein bratt veg på Smørås i Fana i Bergen. Han går sørover frå Steintrævegen til Steintrælia og er 150 meter lang.
Vegen fekk namn i 1961 etter ein bekk som renn gjennom området. «Træ» tyder rydning, og «stein» viser til at rydningen anten var steinrik eller gjerda inn av stein.
Knutepunkt
endreKjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.