Smørås er ein gard i Fana i Bergen. Han ligg på nordvestsida av Smøråsfjellet mellom Apeltunvatnet og Kalandsvatnet.

Smørås
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5238 RÅDAL
Gardnummer 48
Kart
Smørås
60°18′10″N 5°21′02″E / 60.302698°N 5.350685°E / 60.302698; 5.350685
Wikimedia Commons: Smørås

Namn endre

Forstavinga «smør» skal syne til godt beite for kyrna.

Historie endre

Ein liten del av garden låg under Birkeland kyrkje og etter kvart under Fana kyrkje, men det meste vart bondegods alt tidleg på 1600-talet. Sidan 1892 har garden vore delt i fem bruk, og det er framleis gardsdrift her.

Geografi endre

Grensene til garden går frå Iglevatnet og sørover langs Nøttveitbekken, Steintræbakken og Steintrælia vidare sørover til Bjørnevatn. Grensa følgjer så ryggen av høgdedraget mellom Smørås og Hamre og nordaustover, nordover og til slutt nordvestover til vestenden av Tranevatnet. Garden grensar til Skjold i nordvest, Nøttveit i vest, øvre og nedre Titlestad, indre Hamre og Hatlestad i sør, Valle og Kirkebirkeland i aust, Lilletvedt i nordaust og Øvsttun i nord.

Andre tydingar endre

Smørås har gjeve namn til mellom anna:

Kjelder endre