x

Stelviopasset (tysk Stilfser Joch eller Stilfserjoch, italiensk Passo dello Stelvio) er med 2 757 m s.l.m. den høgste fjellovergangen i Italia og den nest høgste asfalterte vegovergangen i Alpane – etter Col de l'Iseran. Stelvio knyter saman Bormio i Veltlin, Lombardia med Prad i Vinschgau, Sør-Tirol.

Stelviopasset
Austsida av Stelviopasset sett frå Payerhytta (3029 m)

Austsida av Stelviopasset sett frå Payerhytta (3029 m)

Nordaust Sørvest
Passhøgd 2 757 m s.l.m.
Provincia Vinschgau (Sør-Tyrol) Veltlin (Sondrio)
Vasskilje Trafoi-bekken → Etsch BraulioAdda
Stader Prad am Stilfserjoch Bormio
Samband Strada Statale 38 Italia.svg Strada Statale 38
Bygd 1820–1826
Vinterstengt november – juni
Fjellområde Ortlergruppa
Profil
Stigning (snitt) 7,2 % (1 972 m / 27,5 km) 7 % (1 536 m / 22 km)
Stigning (maks) 15 % 12 %
Kart
Stelviopasset (Alpen)
Stelviopasset
x
Koordinatar 46° 31′ 42″ N, 10° 27′ 12″ AKoordinatar: 46° 31′ 42″ N, 10° 27′ 12″ A

Området rundt passet har sidan 1935 vore ein del av Stelvio nasjonalpark.

SykkelsportEndra

På grunn av sine mange hårnålskurver er vegen til Stelviopasset eit populært mål for syklistar. Dei kan ta passet som ein del av ein rundtur frå Prad eller Glurns. Den vanlegaste ruta går over Stelvio til kort over passhøgda, deretter over Umbrailpasset og Santa Maria Val Müstair i Sveits og tilbake til Glurns eller Prad.

Stelviopasset er mykje brukt i Giro d'Italia, og på passhøgda står eit minnesmerke over den italienske syklisten Fausto Coppi som vann rittet fem gonger.

Første laurdag i september eller siste laurdag i august er det sykkeldag på Stelviopasset,[1] og då er vegen frå Trafoi til Bormio stengd for motorkøyrety frå om morgonen til sein ettermiddag. Same dagen er vegen frå Santa Maria i Münstertal over Umbrailpasset stengd for motortrafikk.

I midten av juli arrangerer sykkelklubben i Vinschgau[2] eit ritt med start i Prad og målgang på passhøgda.

SkisportEndra

På Stelviopasset er det eit sommarskisenter som er open frå rundt pinsetid til november då vegen blir vinterstengd.

GalleriEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stelviopasset