Stemnemøte
Stemnemøte er eit avtalt møte, særleg mellom kjærastepar eller dei som tenkjer på å bli det. Eit stemnemøte går gjerne ut på at ein kjem saman for å bli betre kjend eller bygga opp romantiske kjensler. Andre ord for stemnemøte er rendezvous (frå fransk, uttalt /rangdevu/) eller nyare date (frå engelsk, uttalt /dejt/).
Stemnemøte kan ha ulike funksjonar i ulike samfunn, men er ofte ein del av det å gjera kur. Ein invitasjon til eller ein avtale om eit slikt møte kan signalisera til partane eller samfunnet rundt at dei ser på kvarandre som moglege partnarar. Eit stemnemøte går gjerne ut på at ein møtest på tomannshand, men ofte med andre menneske i nærleiken, for å bli betre kjend eller bygga opp romantiske kjensler. Ein kan ha stemnemøte i ein heim eller på ein offentleg stad som kafé, restaurant, kino eller utandørs elles. Stemnemøte kan leia til kjærteikn, sex, fast forhold, forloving eller ekteskap, men treng ikkje gjera det.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- «Stevnemøte under månens skygge», NRK Nyheter, 01.08.2008. Omtale av eit stemnemøte på 1950-talet.
Kjelder
endre- «stemnemøte» Arkivert 2012-11-01 ved Wayback Machine. og «rendezvous» i Nynorskordboka.
- «Derfor forsvinner 'sporenstreks' og 'formiddagsmat'» i NRK Kultur