Stetinditt er eit sjeldant, gult til fargelaust tetragonalt mineral i zirkon-gruppa med kjemisk formel Ce4+SiO4. Første gongen mineralet vart skildra var på material frå Stetind i Tysfjord i Nordland.

Stetinditt finst saman med mineral som fluoritt, törnebohmitt-(Ce), kvarts, kozoitt-(Nd), hundholmenitt-(Y), hematitt, calsioancylitt-(Ce), bästnesitt og andre.

Kjelder

endre
  • Selbekk, Rune S. (12. mars 2012). Stetinditt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/Stetinditt.