Fluoritt
Fluoritt eller flusspat er eit mineral som kan ha alle moglege fargar, men som oftast er fiolett. Det er særs vanleg, særleg på gangar og sprekker i granittar og kontaktsonene deira. Mineralet krystalliserer kubisk. Kjemisk sett er det eit kalsiumfluorid, CaF2. I mange tilfelle viser mineralet fluorescens, som vil sei at det sender ut lys av ulik fare når det vert utsett for ultrafiolett lys. Ein kan òg finne fosforescens, slik at lysutsendinga fortset i kortare eller lengre tid etter at strålinga har enda. I tillegg kan einskilde fluorittar syne termoluminescens, som vil sei at dei sender ut lys ved svak oppvarming.
Fluoritt | |||
Mørkegrøn isolert fluorittkrystall som syner kubiske og åttesidige sider. Få Erongofjellet i Namibia (storleik: 50 mm x 27 mm, krystall storleik: 19 mm brei, 30 g) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Halidmineral | ||
Kjemisk formel | CaF2 | ||
Strunz-klassifisering | 03.AB.25 | ||
Krystallsymmetri | Isometrisk H–M Symbol 4/m 3 2/m | ||
Einingscelle | a = 5.4626 Å; Z=4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, kvit, lilla, blå, grøn, gul, oransje, raud, rosa, brun, blåsvart; vanlegvis i soner; kan vere alle fargar i spektrumet | ||
Krystallform | Opptrer som velforma, grove krystallar, òg kuleforma, botryoidal, sjeldan skiveforma eller trådaktig; korna, massive | ||
Krystallsystem | Isometrisk, cF12, Romgruppe Fm3m, nr. 225 | ||
Tvilling | Vanleg på {111}, gjennomtrengande, flattrykt | ||
Kløyv | Åttesidig, perfekt på {111}, deling på {011} | ||
Brot | Undermuslig til ujamn | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 4 (definerande mineral) | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 3.175–3.184; til 3.56 om han har sjeldne jordmetall | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Isotrop; svak anisotropi | ||
Brytingsindeks | 1.433–1.448 | ||
Smeltbarheit | 3 | ||
Andre eigenskapar | stundom fosforescens når oppvarma eller skrapt. Andre varietetar fluorescerer | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Mineralet har stor økonomisk tyding, og har namnet sitt frå nytta i metallurgiske smelter som eit flussmiddel. I tillegg til i smelteindustrien vert det nytta i emalje- og glasindustrien til framstilling av kjemikal (flussyre). Feilfrie krystall blir brukt til optiske føremål.
Det har tidlegare vore drift på fluoritt fleire stader i Noreg, særleg kring Kongsberg og Telemark
Kjelder
endre- ↑ Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C. (red.). «Fluorite». Handbook of Mineralogi (PDF). III (Halides, Hydroksids, Oxides). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209724. Henta December 5, 2011.
- ↑ Fluorite. Webmineral.com
- ↑ Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, s. 324–325, 20th ed., ISBN 0-471-80580-7
- Raade, Gunnar (31. oktober 2012). «Fluoritt». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.