Opna hovudmenyen

Stephanie Lynn «Stevie» Nicks (fødd 26. mai 1948) er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som medlem av Fleetwood Mac og ein lang solokarriere, som i alt har produsert over førti topp 50-singlar og meir enn 140 millionar selde album. Ho vert kalla «Den regjerande dronninga av Rock and Roll» og ein av dei 100 beste songarane gjennom tidene av Rolling Stone,[1][2] og som eit medlem av Fleetwood Mac vart ho innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998. Som soloartist har ho blitt nominert til Grammy-prisen åtte gonger[3] og fem prisar med Fleetwood Mac.

Stevie Nicks
Stevie Nicks - In Your Dreams Premiere March 2013 (cropped).jpg
Nicks på premieren til «In Your Dreams» i mars 2013
Fødd26. mai 1948 (71 år)
FødestadPhoenix i Arizona i USA
FødenamnStephanie Lynn Nicks
OpphavUSA
Aktiv1967 til i dag
SjangerPoprock
Instrumentgitar, tamburin, tangentinstrument, vokal
Stemmetypealt
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somSongar, låtskrivar

Nicks kom med i Fleetwood Mac i 1975 i lag med kjærasten Lindsey Buckingham. Det andre albumet til Fleetwood Mac etter Nicks og Buckingham kom inn, Rumours, kom ut i 1977 og vart det bestseljande albumet det året, og eit av dei bestseljande albuma gjennom tidene med omkring 40 millionar selde eksemplar verda over. Albumet er det sjette mest selde gjennom tidene og låg på toppen av den amerikanske albumlista i 31 veker. Det nådde òg toppen av albumlistene verda over. Album fekk Grammy-prisen for årets album i 1978 og gav fire htisinglar med Nicks sin «Dreams» som denf ørste og einaste førsteplassen på den amerikanske singellista.

Nicks byrja solokarrieren sin i 1981 med albumet Bella Donna, som selde til platinaplate mindre enn tre månader etter det kom ut, og har sidan seld til 4x platinaplate.[4] Ho har gjeve ut i alt åtte studioalbum, og det nyaste, 24 Karat Gold: Songs from the Vault, kom ut i oktober 2014. Nicks er mest kjend for den særeigne stemma, den mystiske utsjånaden og dei symbolske tekstane.[5]

Innhaldsliste

DiskografiEndra

KjelderEndra

  1. «100 Greatest Singers of All Time, No. 98, Stevie Nicks». Rolling Stone. Henta 11. mars 2015. 
  2. «1981 Rolling Stone Covers: RS351: Stevie Nicks». Rolling Stone. 3. september 1981. Henta 11. mars 2015. 
  3. «Grammy [[[sic]]]». Ledge. fleetwoodmac.net. 16. juni 2008. Henta 11. mars 2015.  URL–wikilink conflict (hjelp)
  4. «American album salstrofé – Stevie Nicks – Bella Donna». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  5. «Stevie Nicks in LA Times». Rockalittle.com. 23. oktober 1997. Henta 11. mars 2015. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Stevie Nicks
  Denne biografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.