Fleetwood Mac er eit britisk-amerikansk rockeband som vart danna i juli 1967 i London. Bandet har selt meir enn 100 millionar plater verda over og er eit av dei bestseljande banda gjennom tidene. I 1998 vart utvalde medlemmar av Fleetwood Mac innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og fekk ein Brit Award for Outstanding Contribution to Music.[1]

Fleetwood Mac

Venstre til høgre: John McVie, Stevie Nicks, Lindsey Buckingham og Mick Fleetwood i Saint Paul i Minnesota den 3. mars 2009
OpphavLondon i Storbritannia
Aktiv1967–1995, 1997 til i dag
SjangerRock, blues, bluesrock, pop rock, softrock
Tilknytte artistarJohn Mayall's Bluesbreakers, Savoy Brown, Chicken Shack, Buckingham Nicks, Bekka & Billy, Eddie Boyd, Duster Bennett
PlateselskapBlue Horizon, Reprise, Warner Bros., LMJS Productions
MedlemmerMick Fleetwood
John McVie
Christine McVie
Lindsey Buckingham
Stevie Nicks
Tidlegare medlemmerPeter Green
Jeremy Spencer
Bob Brunning
Danny Kirwan
Bob Welch
Bob Weston
Dave Walker
Billy Burnette
Rick Vito
Bekka Bramlett
Dave Mason
PrisarGrammy Award for Album of the Year, American Music Award for Favorite Pop/Rock Band/Duo/Group, American Music Award for Favorite Pop/Rock Album, Juno Award for International Album of the Year, Grammy Hall of Fame Award, American Music Award for Favorite Pop/Rock Band/Duo/Group, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Dei to mest suksessrike periodane for bandet var seint i 1960-åra under den britisk blues-bølgja, då dei var leia av gitaristen Peter Green og nådde toppen av den britiske singellista med «Albatross»;[2] og frå 1975 til 1987, då dei var eit meir poporientert band med Christine McVie, Lindsey Buckingham og Stevie Nicks. Det andre albumet til Fleetwood Mac etter Buckingham og Nicks kom med i bandet, Rumours frå 1977, gav fire hitsinglar i USA (inkludert Nicks sin «Dreams»), og låg på toppen av den amerikanske albumlista i heile 31 veker, i tillegg til å nå toppen av salslistene i mange andre land. Albumet har i dag seld over 45 millionar eksemplar og er det sjette mestseljande albumet gjennom tidene.

Bandet hadde berre moderat suksess mellom 1971 og 1974, då besetninga bestod av Bob Welch, og i 1990-åra då Nicks og Buckingham først slutta i bandet og sidan kom tilbake.

Bandet har hatt mange endringar i besetninga, og berre trommeslagaren i bandet, Mick Fleetwood, har vore med heile vegen. Sjølv om grunnleggjaren av bandet, Green, gav bandet namn etter etternamna til dei to tidlegare bandkollegaene sine (Fleetwood og McVie) frå John Mayall's Bluesbreakers, spelte ikkje bassisten John McVie på den første singelen eller dei første konsertane deira, sidan han opphavleg valde å bli verande med Mayall. Klaverspelaren Christine McVie, som kom med i bandet i 1970 då ho var gift med John McVie, har vore med på alle albuma, utanom debutalbumet, anten som bandmedlem eller studiomusikar. Ho slutta i bandet i 1998, men kom attende i 2014.[3]

Historie endre

Danning og dei første åra (1967–71) endre

 
Peter Green, 18. mars 1970

Fleetwood Mac vart danna i juli 1967 i London då Peter Green slutta i det britiske bluesbandet John Mayall & the Bluesbreakers. Green hadde erstatta gitaristen Eric Clapton i Bluesbreakers, og vart kritikarrost for arbeidet sitt på albumet A Hard Road. Etter han hadde vore ei stund i the Bluesbreakers, spurte Green om trommeslagaren Mick Fleetwood kunne erstatta Aynsley Dunbar. Green hadde vore i to band med Fleetwood—Peter B's Looners og sidan Shotgun Express (der ein ung Rod Stewart var vokalist). John Mayall gjekk med på dette og Fleetwood vart medlem av bandet.

The Bluesbreakers bestod no av Green, Fleetwood, John McVie og Mayall. Mayall gav Green gratis tid i studio som ei gåve, som Fleetwood, McVie og Green nytta til å spele inn fem songar. Den femte songen var ein instrumental som Green kalla opp etter rytmeseksjonen, «Fleetwood Mac».

Kort tid etter tok Green kontakt med Fleetwodd for å starte eit nytt band. Dei ønskte å ha med seg McVie på bassgitar, og kalla til og med bandet 'Fleetwood Mac' for å lokke han med. Men McVie ønskte den faste inntekta han hadde med Mayall, i staden for å ta sjansen på eit nytt band. I mellomtida slo Green og Fleetwood seg saman med slidegitaristen Jeremy Spencer og bassisten Bob Brunning, som var i bandet med avtale om at han måtte slutte om McVie gjekk med på å bli med i bandet. Green, Fleetwood, Spencer og Brunning debuterte den 13. august 1967 ved Windsor Jazz and Blues Festival. Seks veker etter denne konserten gjekk John McVie med på å bli med i bandet som fast bassist.

Det første albumet til Fleetwood Mac, Fleetwood Mac, var eit spartansk bluesalbum og vart gjeven ut på Blue Horizon i februar 1968. Albumet vart ein suksess i Storbritannia og nådde fjerdeplassen på albumlista, men det inneheld ingen singlar. Bandet gav kort tid etter ut to singlar, «Black Magic Woman» (seinare ein stor hit for Santana) og «Need Your Love So Bad».

Det andre albumet til bandet, Mr. Wonderful, kom ut i august 1968. Som det første var det eit blues-album, men denne gongen med nokre få endringar. Albumet vart spelt inn live i studio med mikrofonar på forsterkarane og PA-systemet, i staden for at lyden var plugga rett i miksepulten. Denne metoden gav eit ideelt miljø for å produsere denne typen musikk, og gav ein autentisk, eldre blueslyd. Dei nytta òg blåsarar og hadde med ein ven på klaverinstrument, Christine Perfect frå Chicken Shack før ho gifta seg med John McVie.

Kort tid etter utgjevinga av det andre albumet, tok Fleetwood Mac inn ein gitarist til, Danny Kirwan, som då berre var 18 år gammal. Han hadde tidlegare spelt i trioen Boilerhouse frå Sør-London i lag med Trevor Stevens på bass og Dave Terrey på trommer.[4] Green og Fleetwood hadde sett Boilerhouse øve i ein kjellar og Green vart så imponert at han inviterte bandet med som oppvarmingsband for Fleetwood Mac. Green ønskte at Boilerhouse skulle verte eit profesjonelt band, men Stevens og Terrey var ikkje klar for dette på den tida, så Green sette inn ei annonse i Melody Maker der han søkte om ein ny rytmeseksjon for bandet. Det kom over 300 svar, men då Green og Fleetwood heldt prøvespelingar i Nag's Head i Battersea (der Mike Vernon sin Blue Horizon-klubb var), fann ikkje Green, som var vanskeleg å gjere til lags, nokon som kunne erstatta paret, så han inviterte i staden Kirwan med i Fleetwood Mac som den tredje gitaristen deira.[5]

Green var frustrert over at Jeremy Spencer ikkje ønskte å bidra på songane til Green. Kirwan var ein moden og sjølvlært gitarist med ein særeigen vibrato og stil som la til ein ny dimensjon til det allereie komplette bandet. Med Kirwan gav bandet ut den første singelen deira som nådde toppen av singellistene i Europa, «Albatross». På denne tida gav dei ut det andre albumet sitt i Amerika, English Rose, som inneheldt halve Mr. Wonderful, nye songar frå Kirwan, og det tredje europeiske albumet kalla The Pious Bird of Good Omen, som var ei samling av singlar, B-sider og eit utval av songar bandet hadde gjort med Eddie Boyd.

Då bandet drog til USA i januar 1969 spelte dei inn mange songar i Chess Records Studio, som vart lagt ned kort tid etter, med somme blueslegender frå Chicago, som Willie Dixon, Buddy Guy og Otis Spann. Desse vart dei siste blues-innspelingane til Fleetwood Mac. I lag med ei stilendring endra bandet òg plateselskap. Fram til no hadde dei vore på Blue Horizon. Med Kirwan i bandet var dei musikalske mogelegheitene for mange til at dei kunne halde seg på eit selskap som berre gav ut blues. Bandet signerte kontrakt med Immediate Records og gav ut «Man of the World», som vart ein hit i Storbritannia og Europa. For B-sida fronta Spencer Fleetwood Mac som «Earl Vince and the Valiants» og spelte inn «Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite», og synte ei meir rå rock 'n' roll-side av bandet. Immediate Records var i dårleg form og bandet leita etter ein ny platekontrakt. Sjølv om The Beatles ønskte bandet på Apple Records (Mick Fleetwood og George Harrison var svogerar), valde manageren til bandet, Clifford Davis å gå for Warner Bros. Records (via Reprise Records, eit selskap starta av Frank Sinatra), der dei skulle vere resten av karrieren.

Det første albumet til Fleetwood Mac for Reprise kom ut i september 1969 og heitte Then Play On. Det første trykket av den amerikanske utgåva av albumet var den same som den britiske utgåva, men vart så endra for å få med songen «Oh Well», som vart spelt på konsertane til bandet frå han vart gjeven ut og fram til 1997, og igjen frå 2009. Then Play On, som var det første rockealbumet til bandet, inneheldt berre songar av Kirwan og Green. Jeremy Spencer spelte samstundes inn eit soloalbum (akkompagnert av resten av bandet) som berre bestod av 50-tals rock and roll-songar.

I juli 1969 opna Fleetwood Mac for Ten Years After ved Schaefer Music Festival i Wollman Rink i New York City. Dei kom attende til festivalen i 1970.

Fleetwood Mac var særs populære i Europa på denne tida. Men helsa til Peter Green var skrantande. Han hadde teke LSD i München, som kan ha medverka til at han etter kvart byrja å utvikle schizofreni.[6] Den tyske forfattaren og filmskaparen Rainer Langhans nemnde i sjølvbiografien sin at han og Uschi Obermaier møtte Peter Green i München, der dei inviterte han inn i sitt «High-Fish-Commune». Dei var eigentleg ikkje interesserte i Peter Green. Dei ønskte berre å kome i kontakt med Mick Taylor: Langhans og Obermaier ønskte å organisere ein «Bayersk Woodstock». Dei ønskte Jimi Hendrix og The Rolling Stones som høgdepunkt på ein friluftsfestival i Bayern. Dei trengde Green for å kome i kontakt med The Rolling Stones via Mick Taylor.[treng kjelde]

Den siste hitten til Green med Fleetwood Mac var «The Green Manalishi (With the Two-Prong Crown)» (først spelt inn ved Boston Tea Party i februar 1970 og seinare spelt inn av Judas Priest). Denne innspeligna vart gjeven ut samstundes som den mentale helsa til Green stadig vart verre, og han ønskte å gje alle pengane bandet hadde tent til veldedige føremål. Dei andre bandmedlemmane var ikkje samde, og Green valde å slutte i bandet. Den siste konserten hans med Fleetwood Mac var den 20. mai 1970. Under denne konserten gjekk bandet over tida dei hadde fått, og straumen vart slått av, sjølv om Mick Fleetwood heldt fram å spele på trommene. Somme av innspelingane ved Boston Tea Party (5-7. februar 1970) vart sidan gjevne ut i 1980-åra som Live in Boston, med ein meir komplett, remastra samling på tre plater av Snapper Music seint i 1990-åra.

Overgangsperioden (1970–74) endre

Kirwan og Spencer fekk oppgåva med å fylle rommet etter Green på konsertane og studioopptaka deira. I september 1970 gav Fleetwood Mac ut Kiln House. Songane til Kirwan flytta bandet i retning mot rock. Samstundes fokuserte bidraga til Spencer på å gjenskape den countryaktige «Sun Sound» frå seint i 1950-åra. Christine Perfect, som hadde trekt seg attende frå musikkindustrien etter eit mislukka soloalbum, medverka på Kiln House med korvokal, og teikna plateomslaget. Sidan Fleetwood Mac utvikla seg i ei ny retning, vart Perfect invitert med i bandet. Dei gav òg ut ein singel på den tida, «Dragonfly» med B-sida «The Purple Dancer» i Storbritannia og somme europeiske land. Trass i god omtale i musikkpressa, selde singelen dårleg og B-sida har berre blitt gjeve ut ein gong sidan då, på tysk samleplate på Reprise.

Christine Perfect, som var gift med bassisten John McVie, var første gongen med bandet som Christine McVie ved Bristol University i mai 1969, samstundes som ho slutta i Chicken Shack. Ho hadde suksess med Etta James-klassikaren «I'd Rather Go Blind», og vart to gonger kåra til årets kvinnelege artist i England. Christine McVie spelte den førte konserten sin som offisielt medlem av bandet den 6. august 1970 i New Orleans. CBS Records, som no eigde Blue Horizon (utanom i USA og Canada), gav ut eit album med tidlegare ikkje utgjevne songar av den første utgåva av Fleetwood Mac kalla The Original Fleetwood Mac. Albumet var relativt suksessrikt og bandet heldt seg populært.

På ein turné i februar 1971 sa Jeremy Spencer at han berre skulle ut for å «kjøpe eit blad», men kom aldri att. Etter fleire dagar med omfattande leiting, fann dei ut at Spencer hadde blitt med ei religiøs gruppe kalla Children of God. Dei forplikta seg til å spele resten av konsertane på turneen, og overtydde Peter Green om å vere med på resten av turneen. Han tok med seg venen sin, Nigel Watson, som spelte congatrommer (25 år seinare danna dei Peter Green Splinter Group i lag). Green kom berre attende til Fleetwood Mac for ei lita stund, så bandet valde å leite etter ein ny gitarist.

Sommaren 1971 hadde bandet prøvespelingar for ein ny gitarist i heime sin, «Benifold», som dei kjøpte før Kiln House-turneen. Ein ven av bandet, Judy Wong, sa dei måtte sjå på skulevenen hennar, Bob Welch, som på denne tida budde i Paris. Bandet hadde eit par møter med Welch og valde å ta han inn i bandet, utan å faktisk ha høyrt han spele eller høyrt nokre av innspelingane hans.

I september 1971 gav bandet ut Future Games. Sidan Welch kom inn i bandet og Spencer slutta, var albumet annleis alt bandet hadde laga tl då, og det var mange nye tilhengjarar i Amerika som vart meir og meir interesserte i bandet. I Europa gav CBS ut Greatest Hits, som hovudsakleg bestod av songar skrivne av Peter Green, i tillegg til ein song av Spencer og ein av Kirwan.

I 1972, seks månader etter Future Games, gav bandet ut det kritikarroste albumet Bare Trees. Det meste av albumet var skriven av Kirwan, men hadde med Welch sin «Sentimental Lady», som vart ein langt større hit for han fem år seinare, då han spelte inn songen for soloalbumet French Kiss, i lag med Mick Fleetwood og Christine McVie. Albumet inneheld òg «Spare Me a Little of Your Love», ein munter Christine McVie-song som vart fast på konsertane deira fram til midten av 1970-åra.

Bandet gjorde det bra i studio, men turneane deira vart problematiske. Danny Kirwan byrja å få eit alkoholproblem, og vart uvener med Welch og McVie-familien. Det var då han knuste sin Les Paul Custom-gitar før ein konsert, nekta å gå på scenen og kritiserte bandet etterpå, at Fleetwood Mac calte å sparke Kirwan.

Dei neste to og eit halvt åra vart dei mest utfordrande for bandet. Dei tre albuma bandet gav ut i denne perioden vart spelte inn med stadig nye besetningar. I september 1972 fekk bandet inn gitaristen Bob Weston og vokalisten Dave Walker, tidlegare frå Savoy Brown og Idle Race.[7] Bob Weston var kjend som slidegitarist og hadde kjend bandet frå tida han turnerte med Long John Baldry. Fleetwood Mac henta òg inn turnémanageren til Savoy Brown, John Courage. Mick, John, Christine, Welch, Weston og Walker spelte inn Penguin, som kom ut i januar 1973. Etter turneen sparka bandet Walker på grunn av stemma hans og fordi haldninga hans ikkje passa inn med resten av bandet.

Dei gjenverande fem medlemmane heldt fram og spelte inn Mystery to Me seks månader seinare. Albumet inneheld Welch-songen «Hypnotized», som vart mykje spelt på radio og vart ein av dei mest suksessrike songane til bandet i USA til då. Bandet byrja derimot å skrante, mellom anna fordi ekteskapet til McVie-familien var byrja å slå sprekkar. Dei arbeidde tett saman og John McVie byrja å få eit alkoholmisbruk.[8] Under turneen hadde Weston eit forhold til kona til Fleetwood, Jenny Boyd Fleetwood, som var systera til Pattie Boyd Harrison. Fleetwood sparka Weston kort tid etter og turneen vart avbroten. Sidan dei ikkje turnerte selde albumet dårlegare enn føregangaren.

Manageren til bandet, Clifford Davis, som då hevda han eigde rettane til namnet Fleetwood Mac, henta medlemmar frå eit band kalla Legs (som nyleg hadde gjeve ut ein singel med Davis som manager)[9] til å turnere som Fleetwood Mac.

Det falske Fleetwood Mac (1974) endre

Det falske Fleetwood Mac bestod av Elmer Gantry (vokal, gitar), Kirby Gregory (gitar), Paul Martinez (bass), John Wilkinson (klaverinstrument) og den australskfødde trommeslagaren Craig Collinge (tidlegare frå The Librettos, Procession og Third World War). Fansen vart fortalt at Bob Welch og John McVie hadde slutta i gruppa, og at Mick Fleetwood og Christine McVie skulle kome inn i bandet seinare, etter ein kvil. Medlemmane i det falske Fleetwood Mac hadde visstnok sjølv blitt fortalt at Mick Fleetwood skulle bli med dei seinare og vart forsikra om at det ekte Fleetwood hadde vore med på planlegginga av turneen før dei droppa ut.[10]

Då turneen kom i gang, forstod turnémanageren til Fleetwood Mac, John Courage, etter den første konserten at besetninga som vart nytta var falsk. Courage enda opp med å gøyme utstyret til det ekte Fleetwood Mac, og turneen til det falske bandet vart avkorta, før bandet vart oppløyst. Men søksmålet som følgde sette det ekte Fleetwood Mac ut av spel i nesten eitt år. Saka omhandla kven som faktisk eigde rettane til namnet «Fleetwood Mac». Sjølv om det verka opplagt at bandet var kalla opp etter Fleetwood og McVie, hadde dei signert kontraktar som synte at dei hadde gjeve frå seg rettane til namnet.

Ingen av dei «falske» musikarane var nokosinne offisielt med i det verkelege bandet, sjølv om somme av dei sidan spelte i studio med Danny Kirwan. Gantry og Gregory vart sidan medlemmar av Stretch, som i 1975 fekk ein hit i Storbritannia med «Why Did You Do It», som omhandla soga om det falske Fleetwood Mac.[10] Gantry vart seinare med i The Alan Parsons Project. «Falske Mac»-bassisten Martinez vart sidan bassist for Robert Plant.

Det verkelege Fleetwood Mac igjen (1974) endre

I månadane då «falske Fleetwood Mac» heldt på, budde Welch i Los Angeles og tok kontakt med advokatar. Welch forstod raskt at bandet vart oversedd av Warner Bros., og at om dei ønskte å endre dette, måtte dei flytte frå England til Los Angeles, noko resten av bandet gjekk med på. Bill Graham skreiv eit brev til Warner Bros. for å overtyde dei om at det «verkelege» Fleetwood Mac faktisk var Fleetwood, Welch og McVie-familien, men sjølv om dette ikkje enda den rettslege striden, klarte bandet å spele inn musikk som Fleetwood Mac igjen. I staden for å få ein ny manager, valde Fleetwood Mac å styre sakene sine sjølv.

I september 1974 signerte Fleetwood Mac ein platekontrakt med Warner Brothers. Kvartetten gav ut albumet Heroes Are Hard to Find i september 1974 og for første gongen i historia hadde bandet berre ein gitarist. Medan dei turnerte, tok dei inn ein andre klaverspelar, Doug Graves, som hadde vore lydteknikar på innspelinga av Heroes Are Hard to Find. Bobby Hunt, som hadde spelt i bandet Head West i lag med Bob Welch attende i 1970 var den originale klaverspelaren. Ingen av desse varg langtidsmedlemmar i bandet, sjølv om Graves førebudde seg på å bli fulltidsmedlem i bandet etter ein amerikansk turné . På den tida sa han:

« Eg gleder meg til å bidra til dette allereie store bandet. Eg var lydteknikar på albumet 'Heroes Are Hard to Find' og vart godt kjend med kvart medlem. Det kom som eit sjokk på meg då Mick spurte om eg ville bli med, men eg likar godt å spele live med bandet, og me vil forhåpentlegvis gå i studio med eit nytt album snart. »

Graves vart til slutt ikkje fulltidsmedlem og Welch slutta kort tid etter turneen var over (den 5. desember 1974 i Cal State Univ. Chico), då han var lei turnélivet og alle søksmåla. Likevel førte turneen til at Heroes nådde høgare på dei amerikanske albumlistene enn dei tidlegare albuma deira.

Stor suksess (1975–87) endre

Då Welch annonserte at han slutta i bandet, byrja Fleetwood å leite etter ein erstattar. Då Fleetwood vitja Sound City Studios i L.A., spelte den faste lydteknikaren der, Keith Olsen, ein song han hadde spelt inn i studio, «Frozen Love», frå albumet Buckingham Nicks (1973). Fleetwood likte songen og vart introdusert for gitaristen i bandet, Lindsey Buckingham, som tilfeldigvis var i Sound City den dagen for å spele inn nokre demoar. Fleetwood spurte han kort tid etter om å bli med i bandet. Buckingham gjekk med på det, men berre om den musikalske partneren og kjærasten, Stephanie «Stevie» Nicks, òg fekk bli med i bandet. Fleetwood gjekk med på dette. Buckingham og Nicks kom med i bandet nyårsaftan 1974 (4 veker etter den førre besetninga var oppløyst).[11][12]

I 1975 gav den nye besetninga ut albumet Fleetwood Mac. Dette vart det store gjennombrotet for bandet og vart ein stor hit. Det nådde toppen av albumlista i USA og selde over fem millionar eksemplar. Blant hitsinglane på albumet var Christine McVie sine «Over My Head» og «Say You Love Me», og Stevie Nicks sine «Rhiannon» og «Landslide» (i røynda ein hit tjue år seinare på The Dance).

Bak scenen sleit bandet stort, og med suksessen til bandet enda ekteskapet til John og Christine McVie, i tillegg til forholdet mellom Buckingham og Nicks. Sjølv Fleetwood var i ferd med å skiljast frå kona si, Jenny. Fleetwood Mac hamna under stort press med å gje ut eit bra oppfølgjaralbum, i tillegg til at dei no kunne nyte stor rikdom. Dette førte til personlege og kreative kranglar, noko som vart verre av alkohol- og dopmisbruk.

Albumet Rumours kom ut våren 1977, der bandet blottla det kjenslemessige bråket dei gjekk gjennom på den tida. Albumet vart kritikarrost og vann Grammy-prisen for årets album i 1977. Albumet inneheld fleire store hitsinglar, som Buckingham sin «Go Your Own Way», Nicks sin «Dreams» og Christine McVie sine «Don't Stop» og «You Make Loving Fun». Buckingham sin «Second Hand News», Nicks sine «Gold Dust Woman» og «The Chain» (den einaste songen skriven av alle fem bandmedlemmane) vart òg mykje spelte på radio. I 2003 hadde Rumours seld over 19 millionar eksemplar i USA aleine (sertifisert som diamantalbum av RIAA), og i alt 40 millionar eksemplar verda over, noko som er det nest mestseljande albumet gjennom tidene.[13] Fleetwood Mac la ut på turné etter albumet.

Buckingham klarte å overtyde Fleetwood om å la han arbeide meir eksperimentelt på det neste albumet og å arbeide på songar heime, så ta dei med til bandet i studio. Den auka kreative rolla hans på det neste albumet var påverka av new wave.[treng kjelde] Resultatet av dette var det 20 songar lange dobbeltalbumet Tusk, som kom ut i 1979. Det inneheldt tre hitsinglar, Lindsey Buckingham sin «Tusk» (8. plass i USA), der USC Trojan Marching Band deltok, Christine McVie sin «Think About Me» (20. plass i USA) og Stevie Nicks sin 6,5 minuttar lange «Sara» (7. plass i USA). Sistnemnde vart korta ned til 4,5 minuttar for både singelen og den første CD-utgåva av albumet, men den uredigerte versjonen har sidan vore med på Greatest Hits-samlinga frå 1988 og 2004-utgåva av Tusk, i tillegg til 2002-utgåva av The Very Best of Fleetwood Mac. Den originale gitaristen Peter Green deltok òg på innspelinga av Tusk, men spelinga hans på Christine McVie-songen «Brown Eyes» er ikkje omtalt på plateomslaget.[14]

Tusk er eit av dei mest ambisiøse Fleetwood Mac-albuma, men selde berre fire millionar eksemplar verda over. Dette var i stor kontrast til det enorme salet av Rumours, og plateselskapet kalla prosjektet mislukka, og la hovudsakleg skulda på Buckingham.[treng kjelde] Fleetwood meinte derimot at det dårlege salet kom av at radiokanalane RKO spelte heile albumet på lufta før det kom ut, slik at folk kunne ta det opp på lydband.[15] I tillegg var Tusk eit dobbeltalbum, som derfor kosta meir enn eit vanleg enkeltalbum.

Bandet la ut på ein enorm, 18 månader lang turné for å marknadsføre Tusk. Dei reiste verda over, inkludert i USA, Australia, New Zealand, Japan, Frankrike, Belgia, Tyskland, Nederland og Storbritannia. I tyskland delte dei plakaten med reggae-superstjerna Bob Marley. Det var på denne verdsturneen bandet spelte inn musikken for albumet Fleetwood Mac Live, som kom ut mot slutten av 1980.

Det neste albumet, Mirage kom ut etter Nicks (Bella Donna) og Buckingham (Law and Order) hadde gjeve ut sine første soloalbum i 1981, og var eit meir konvensjonelt album. Buckingham hadde fått skulda av musikkpressa, bandkollegaene og musikksjefane for det dårlege salet av Tusk. Mirage vart spelt inn i Château d'Hérouville i Frankrike og produsert av Richard Dashut. Albumet var eit forsøk på å gjenskape den enorme suksessen til Rumours. Av hittar på albumet finn ein Christine McVie sin «Hold Me» og «Love In Store» (begge skrivne saman med høvesvis Robbie Patton og Jim Recor), Stevie Nicks sin «Gypsy», og Lindsey Buckingham sin «Oh Diane», som nådde topp 10 i Storbritannia. Buckingham sine «Eyes Of The World» og «Can't Go Back» vart òg mindre hittar.

I motsetnad til Tusk-turneen, vart den neste turneen kort, med berre 18 amerikanske byar. Konserten i Los Angeles vart filma og gjeve ut på video. Mirage selde til dobbel platina i USA.

Etter Mirage tok bandet ein lengre pause, slik at medlemmane kunne konsentrere seg om solokarrieren sine. Stevie Nicks gav ut to soloalbum, (The Wild Heart i 1983 og Rock a Little i 1985), Lindsey Buckingham gav ut Go Insane i 1984, same året som Christine McVie gav ut sitt eige album (med hittane «Got A Hold On Me» og «Love Will Show Us How»). Alle tre hadde suksess, men det vart Nicks som vart mest populær. I denne perioden gjekk Mick Fleetwood konkurs, Nicks vart innlagd på Betty Ford Clinic for dopmisbruk og John McVie fekk eit dop-relatert anfall. Alle problema kom av livsstilen dei hadde starta med den store suksessen dei fekk. Det gjekk rykte om at Fleetwood Mac var oppløyste, men Buckingham sa at han ikkje ønskte at Mirage skulle vere det siste dei gjorde.[16]

Rumours-besetninga av Fleetwood Mac spelte inn eit album til, Tango in the Night, i 1987. Albumet starta som eit soloalbum av Buckingham, før det vart eit gruppeprosjekt. Albumet vart eit av dei bestseljande bandet hadde sidan Rumours, særleg i Storbritannia, der det låg på toppen av albumlista i tre periodar det neste året. Albumet selde tre millionar eksemplar i USA og inneheldt fire hittar: Christine McVie sine «Little Lies» og «Everywhere» (førstnemnde skriven i lag med den nye ektemannen til McVie, Eddy Quintela), Sandy Stewart og Stevie Nicks sin «Seven Wonders» og Lindsey Buckingham sin «Big Love». «Family Man» , «Isn't It Midnight» og tittelsporet vart òg gjevne ut som singlar, men med mindre suksess.

Buckingham sluttar (1987–95) endre

Det var planlagt ein ti veker lang turné, men Buckingham trekte seg ut i siste augneblink. Han prøvde å forklare bandkolleagene sine at han følte kreativiteten hans vart kvelt av dei andre i bandet. Det vart halde eit møte i heimen til Christine McVie den 7. august 1987 som førte til mykje bitterheit og motskuldingar, og ein slåsskamp (i følgje sjølvbiografien til Mick Fleetwood) mellom Buckingham og Nicks. Buckingham slutta i bandet dagen etter.[treng kjelde] Etter Buckingham gav seg, henta Fleetwood Mac inn to nye gitaristar i bandet, Billy Burnette og Rick Vito. Burnette kom houvdsakleg med fordi han kunne synge og skrive songar, og Vito fordi han var ein dugande sologitarist.

Burnette er son til Dorsey Burnette og nevø av Johnny Burnette, begge frå The Rock and Roll Trio. Han hadde alt arbeidd med Mick Fleetwood i Zoo, med Christine McVie som ein del av solobandet hennar, og spelt på innspelingar av Stevie Nicks, i tillegg til at han hadde akkompagnert Lindsey Buckingham på Saturday Night Live. I tillegg spelte Fleetwood og Christine McVie på albumet hans Try Me i 1985. Vito, som var fan av Peter Green, spelte med mange artistar frå Bonnie Raitt til John Mayall, og hadde arbeidd med John McVie på to Mayall-album.

«Shake the Cage»-turneen i 1987-1988 vart den første for den nye besetninga, og var suksessrik noko til at dei gav ut ein konsertvideo (berre kalla Tango in the Night), filma i Cow Palace i San Francisco i desember 1987.

Med suksessen til albumet Tango in the Night, gav bandet ut Greatest Hits i 1988. Det inneheldt singlar frå tida 1975-1988, og to nye songar: «No Questions Asked» av Nicks, og «As Long as You Follow» av McVie og Quintela, som vart gjeven ut som singel i 1988, men nådde berre ein 43. plass i USA og 66. plass i Storbritannia. Greatest Hits nådde tredjeplassen i Storbritannia og 14. plassen i USA (og har sidan seld over åtte millionar eksemplar der). Samleplata var dedisert til Buckingham av bandet, som dei no hadde blitt vener att med.

Etter Greatest Hits spelte Fleetwood Mac inn Behind the Mask. Med dette albumet gjekk bandet bort frå stilen som Buckingham hadde utvikla under tida si i bandet, og enda opp med ein meir adult contemporary-stil med produsenten Greg Ladanyi. Albumet gav dei berre ein hit, McVie sin «Save Me». Behind the Mask selde berre til gullplate i USA, og nådde 18. plassen på albumlista der, men gjekk rett inn på toppen av den britiske albumlista. Albumet fekk middels kritikk, og vart av somme kritikarar sett på som eit lågmål for bandet utan Lindsey Buckingham (som faktisk hadde vore med som gjest på tittelsporet). Rolling Stone meinte Vito og Burnette var «det beste som nokon gong har skjedd Fleetwood Mac» og britiske Q hylla òg albumet i meldinga si. Turneen som følgde bestod av utselde kosnertar på Wembley Stadium i London og på den siste konserten i Los Angeles, fekk bandet med seg Buckingham på scenen. Dei to kvinnene i bandet, McVie og Nicks, hadde avgjort at denne turneen skulle bli deira siste (far til McVie døydde under turneen) men begge sa dei ønskte å fortsette og spele inn musikk med bandet. I 1991 slutta derimot både Nicks og Rick Vito i Fleetwood Mac.

I 1992 arrangerte Fleetwood sjølv ein fire plater stor boks som omfamna heile den 25 år lange karrieren til bandet, kalla 25 Years – The Chain (ei redigert utgåve på to plater fanst òg). Med i denne samlinga var «Silver Springs», ein Stevie Nicks-songs som vart spelt inn under Rumours-innspelinga, men ikkje teken med her og i staden gjeven ut som B-sida til «Go Your Own Way». Nicks hadde bede om å få nytta songen i 1991 for si eiga samleplate TimeSpace, men Fleetwood hadde nekta henne dette fordi han sjølv planla å nytte songen i denne samlinga. Usemja mellom Nicks og Fleetwood fekk presseomtale, og ein meiner at dette kan ha vore hovudårsaka til at Nicks slutta i bandet i 1991.[treng kjelde] Plateboksen inneheld òg ein heilt ny song av Stevie Nicks og Rick Vito kalla «Paper Doll», som vart gjeven ut i USA på singel. Det var òg to nye songar av Christine McVie med på albumet, «Heart of Stone» og «Love Shines». Lindsey Buckingham medverka òg med ein ny song, «Make Me a Mask».

Nokre månader etter dette kom Buckingham/Nicks/McVie/McVie/Fleetwood saman etter ein invitasjon frå den amerikanske presidenten Bill Clinton for innviingsballet hans i 1993. Clinton hadde nytta Fleetwood Mac-songen «Don't Stop» som temasong for valkampen sin. Han ønskte at bandet framførte denne songen på ballet, noko bandet var entusiastiske til, utan vidare planar om å sl åseg saman att.

Inspirert av den nye interessa i bandet, spelte Mick Fleetwood, John McVie og Christine McVie inn eit nytt album som Fleetwood Mac, med Billy Burnette på sologitar. Men samstundes med at dei valde å halde fram bandet, annonserte Billy Burnette i mars 1993 at han slutta i bandet for å spele inn eit countryalbum og fortsette karrieren sin som skodespelar. Bekka Bramlett, som hadde arbeidd eit år tidlegare med Mick Fleetwood's Zoo, vart henta inn. Solosongaren og gitaristen, og Traffic-medlem Dave Mason, som hadde arbeidd med foreldra til Bekka, Delaney & Bonnie, 25 år tidlegare, vart så med i bandet. I mars 1994 kom Billy Burnette, som sjølv var ein god ven og medlåtskrivar med Delaney Bramlett, attende til bandet.

Bandet, utanom Christine McVie, turnerte i 1994, og opna for Crosby, Stills, & Nash, og i 1995 som del av ein konsertpakke i lag med REO Speedwagon og Pat Benatar. Under turneen framførte bandet klassiske Fleetwood Mac-songar frå tida 1967–1974. I 1995, på ein konsert i Tokyo, møtte bandet det tidlegare medlemmet Jeremy Spencer, som spelte eit par songar i lag med dei på scenen.

Den 10. oktober 1995 gav Fleetwood Mac ut det mislukka Time. Sjølv om det nådde topp 60 i Storbritannia, gjekk det ikkje inn på salslista i USA i det heile. Kort tid etter albumet kom ut, fortalte Christine McVie bandet at dette albumet vart hennar siste. Bramlett og Burnette danna så ein countryduo, Bekka & Billy.

Oppløysing (1995–97) endre

Berre veker etter at Fleetwood Mac vart oppløyst, annonserte Mick Fleetwood at han arbeidde med Lindsey Buckingham igjen. John McVie vart kort tid etter med, og seinare òg Christine McVie. Stevie Nicks arbeidde òg med Lindsey Buckingham for å lage ein song til ein film.

I mai 1996 spelte Mick Fleetwood, John McVie, Christine McVie og Stevie Nicks i lag på ein privat fest i Louisville i Kentucky før Kentucky Derby (med Steve Winwood som erstattar for Lindsey Buckingham). Ei veke seinare kom filmmusikken til filmen Twister, med ein Stevie Nicks-Lindsey Buckingham-duett kalla «Twisted», med Mick Fleetwood på trommer. Dette førte til ein full attforeining av Rumours-besetninga då bandet offisielt kom saman att i mars 1997.

Buckingham og Nicks kjem attende og Christine McVie sluttar (1997–2007) endre

Det nye Fleetwood Mac spelte ein konsert på ein Warner Bros.-scene i Burbank i California den 22. mai, og frå denne konserten kom konsertalbumet The Dance i 1997, som førte Fleetwood Mac attende til toppen av den amerikanske albumlista for første gongen på 15 år. Albumet gjorde igjen Fleetwood Mac til kommersielle superstjerner, og hadde ikkje hatt slik suksess sidan Tango in the Night. Albumet selde minst fem millionar eksemplar i USA. Ein suksessrik arena-turné følgde MTV-premieren av The Dance, som heldt Fleetwood Mac saman gjennom det meste av 1997, som var 20-årsjubileet for Rumours. Med i bandet var Neale Heywood på gitar, Brett Tuggle på klaverinstrument, Lenny Castro på perkusjon og Sharon Celani og Mindy Stein på korvokal. Dette vart siste konserten med denne klassiske besetninga med Christine McVie for 16 år.

 
Stevie Nicks og Lindsey Buckingham på Say You Will-turneen i 2003.

I 1998 vart Fleetwood Mac (Mick Fleetwood, John McVie, Christine McVie, Stevie Nicks, Lindsey Buckingham, Peter Green, Jeremy Spencer og Danny Kirwan) innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. «Rumours»-versjonen av bandet spelte under seremonien og sidan på Grammy-showet det same året. Peter Green var til stades under seremonien, men spelte ikkje med dei tidlegare kolleagene sine, og spelte i staden songen sin «Black Magic Woman» i lag med Santana, som vart innlemma i æresgalleri same kvelden. Fleetwood Mac fekk òg den britiske prisen «Outstanding Contribution to Music» ved BRIT Awards same året.

I 1998 slutta Christine McVie i bandet. Buckingham og Nicks song då all solovokal på albumet Say You Will frå 2003, men Christine song noko korvokal og spelte klaverinstrument. Albumet debuterte på tredjeplassen på Billboard 200-lista (sjetteplassen i Storbritannia) og inneheldt hittane «Peacekeeper» og tittelsporet, og bandet la ut på ein suksessrik turné, som varte til 2004.

Kring 2004-2005 var der rykte om ei samling av den tidlege besetninga av Fleetwood Mac, med Peter Green og Jeremy Spencer, men dei to gitaristane ønskte ikkje dette.[17]

Nyare år og Christine McVie attende (2008 til i dag) endre

Den 14. mars 2008 rapporterte Associated Press at Sheryl Crow sa ho skulle arbeide med Fleetwood Mac i 2009. Crow og Stevie Nicks samarbeidde ein stor del tidlegare og ho sa at Nicks hadde vore ein stor lærar og inspirasjon for henne. Seinare sa Buckingham at samarbeidet mellom bandet og Crow, hadde mista moment.[18]

I 2009 la bandet ut på verdsturné, utan Christine McVie i besetninga, og i oktober 2009 kom The Very Best of Fleetwood Mac ut på ny som eit utvida dobbeltalbum. Den 1. november 2009 vart dokumentarfilmen Fleetwood Mac: Don't Stop send i Storbritannia på BBC One, med nye intervju av dei fire noverande bandmedlemmane.[19]

3. mai 2011 sende Fox Network ein episode av Glee kalla «Rumours» med seks songar frå albumet frå 1977.[20] Showet utløyste ny interesse for bandet og albumet gjekk inn på Billboard 200 på ein 11. plass. Same veka kom det nye soloalbumet til Stevie Nicks, In Your Dreams og nådde sjetteplassen.[21]

Bandet la ut på turné i 2013 og spelte i 34 byar. Bandet framførte to nye songar («Sad Angel» og «Without You»).[22]

Bandet gav ut det første nye studiomateriale på 10 år med Extended Play, den 30. april 2013.[23] EPen debuterte og nådde 48. plassen i USA og inneheldt singelen «Sad Angel».

Den 25. og 27. september 2013 i O2 i London, vart Christine McVie med bandet på scenen for «Don't Stop».[24]

Den 27. oktober 2013 vart det annonsert at John McVie hadde fått kreft, og konsertane på New Zealand og i Australia vart avlyste.[25]

Den 11. januar 2014 annonserte Mick Fleetwood at Christine McVie var på veg attende til Fleetwood Mac.[26]

I mai 2014 annonserte Fleetwood Mac at dei arbeidde på eit nytt album. Hausten 2014 la bandet ut på ein turné i Nord-Amerika. Ein britisk turné i mai-juni 2015 vart utseld på berre få minuttar den 14. november 2014.

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Fleetwood Mac.
Studioalbum

Medlemmar endre

Noverande medlemmar

Tidlegare medlemmar

Noverande turnémusikarar
  • Sharon Celani – korvokal (1987–91, 1997 til i dag)
  • Lori Nicks – korvokal (1987, 2009 til i dag)
  • Brett Tuggle – klaverinstrument, gitar, korvokal (1997 til i dag)
  • Neale Heywood – gitar, korvokal (1997 til i dag)
  • Steve Rinkovv – trommer, perkusjon (2003 til i dag)
  • Stevvi Alexander – korvokal (2014 til i dag
Tidlegare turnémusikarar
  • Nigel Watsoncongatrommer (1971)
  • Bobby Hunt – klaverinstrument, ARP String Ensemble, vokal (1974)
  • Doug Graves – klaverinstrument, ARP String Ensemble, vokal (1974)
  • Ray Lindsey – gitar (1979)
  • Tony Todaro – perkusjon (1979)
  • Jeffery Sova – klaverinstrument (1979)
  • Isaac Asanté – perkusjon (1987–88)
  • Dan Garfield – klaverinstrument (1987–90)
  • Eliscia Wright - korvokal (1987–88)
  • Steve Thoma – klaverinstrument, perkusjon, korvokal (1994–95)
  • Mindy Stein – korvokal (1997–2003)
  • Lenny Castro – perkusjon (1997)
  • Carlos Rios – gitar (2003–04)
  • Taku Hirano – perkusjon (2003–04)
  • Jana Anderson – korvokal (2003–09)
  • Michael Dean – klaverinstrument (2003)
  • Michael Bernard – klaverinstrument, samples (2004)

Tidslinje endre

Kjelder endre

  1. Mark Rinaldi, Ray (5 December 2014). «Fleetwood Mac tromeslagar steps out front with photo show». The Denver Post. Henta 19. april 2015. 
  2. «Fleetwood Mac Biography». Rolling Stone. 
  3. «Christine McVie Rejoins Fleetwood Mac: Official». Billboard. 13 January 2014. 
  4. Rawlings, Terry (2002). Then, now and rare British Beat 1960–1969. Omnibus Press. s. 77. ISBN 0-7119-9094-8. 
  5. Brunning, B (1998): Fleetwood Mac – The First 30 Years. London: Omnibus Press. p18
  6. Celmins, Martin. Peter Green: Founder of Fleetwood Mac. Castle. ISBN 1-898141-13-4. 
  7. Saulnier, Jason (30 December 2011). «Dave Walker Interview». Music Legends. Henta 6 May 2013. 
  8. «"McVie, John.» Encyclopedia of Popular Music, 4th ed.». Oxford Music Online. Henta 29. april 2015. 
  9. http://www.45cat.com/record/k16317
  10. 10,0 10,1 «Paul Martinez Homepage». paulmartinezmusic.com. Henta 30. april 2015. 
  11. «Lindsey Buckingham». Fleetwoodmac.net. Henta 30. april 2015. 
  12. «Behind the Music Remastered: Fleetwood Mac». VH1. Arkivert frå originalen 10. september 2012. Henta 30. april 2015. 
  13. Thomas Erlewine, Stephen. «Fleetwood Mac» All Music Guide. 21 January 2013. Retrieved from Web. 19 July 2014.
  14. Davis, Stephen (1991). My Life and Adventures in Fleetwood Mac. s. 214. 
  15. Davis, Stephen (1991). My Life and Adventures in Fleetwood Mac. s. 219. 
  16. Kordosh, J. (September 1987). «Fleetwood Mac: Return Without Leaving». Creem. Arkivert frå originalen 27. mai 2014. Henta 1. mai 2015. 
  17. Wasserzieher, Bill (October 2006). «The Return of Jeremy Spencer». Blues Revue. Arkivert frå originalen 20. februar 2008. Henta 20 May 2008. 
  18. Graff, Gary (23 July 2008). «Sans Crow, Fleetwood Mac To Tour In 2009». Billboard. 
  19. «Don't Stop BBC Documentary». youtube.com. 
  20. Semigran, Aly. «Fleetwood Mac Teach 'Glee' Kids A Lesson On Rumours:New Directions took on six songs from the classic album as their own internal strife mirrored the band's». MTV.com. Henta 1. mai 2015. 
  21. Graff, Gary. «Stevie Nicks Calls New Album 'My Own Little 'Rumours'». Billboard. Henta 1. mai 2015. 
  22. «Fleetwood Mac Tour: Band To Start 34-City Tour In April». The Huffington Post. 4 December 2012. 
  23. Gallucci, Michael (30 April 2013). «Fleetwood Mac, «Extended Play» Album Review». Henta 24 May 2013. 
  24. «Christine McVie Reunites with Fleetwood Mac». Henta 1. mai 2015. 
  25. «FLEETWOOD MAC CANCELS AUSTRALIAN/NEW ZEALAND TOUR». Fleetwood Mac. 1. mai 2015. Henta 1. mai 2015. 
  26. «Mick Fleetwood Announces Christine McVie's return to Fleetwood Mac». Fleetwood Mac News. 12. januar 2014. Henta 1. mai 2015. 

  1. Richard C. Dashut. «Truth And Consequences: My Times With Fleetwood Mac». Richard C. Dashut. Arkivert frå originalen 12. august 2014. Henta 8. august 2014. 

Bakgrunnsstoff endre