Stig Fredriksson

svensk fotballspelar

Stig Fredriksson (fødd 6. mars 1956) er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Sorsele i Västerbottens län. Han var på 1980-talet forsvarsspelar på IFK Göteborg sitt suksessrike lag.

Stig Fredriksson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 6. mars 1956 (66 år)
Sorsele
Idrett fotball

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Fredriksson spelte 1977-81 på Västerås SK, eit lag som deltok i Allsvenskan i 1978-sesongen. Frå 1981 var han aktiv for IFK Göteborg til 1987. Han var såleis med på lagets store triumfar, med finalesigrane i UEFA-cupen som høgdepunkt. Den fyrste kom då det svenske laget slo Hamburger SV med til saman 4 – 0 i 1982, den andre i 1987 då det enda med 2 mot 1 over Dundee United. Fredriksson vart elles firfaldig seriemeister med IFK Göteborg; 1982, 1983, 1984 og 1987. I tillegg vann laget den nasjonale cupturneringa i 1982 og 1983.

LandslagsspelEndra

I tida frå april 1979 til september 1987 aksla Fredriksson den svenske landslagstrøya i 58 kampar. I 15 av kampane var han lagkaptein. Han skåra 2 mål, eitt mot Island og hitt mot Malta.

KjelderEndra