Zealandia
Zealandia (òg kalla Tasmantis) er eit nesten undersjøisk kontinent som sokk i havet etter det lausreiv seg frå Australia for 60-85 millionar år sidan,[1] og frå Antarktis for mellom 130 og 85 millionar år sidan. Det kan ha vorte fullstendig dekt av havet for om lag 23 millionar år sidan.[2] Det meste av kontinentet, 93 %, er framleis under Stillehavet.[3] I dag er det berre New Zealand og nokre øyar som stikk opp av havet.
Zealandia er nesten halvparten så stort som Australia. Som kontinent er det uvanleg langt og tynt. Det rekkjer frå 19° sørleg til 56° sørleg breiddegrad. To parallelle ryggar som går frå nord til sør utgjer store delar av kontinentet. Den vestlege ryggen er hovudsakleg undersjøisk med nokre platå. På den austlege ligg Ny-Caledonia og New Zealand.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zealandia (continent)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2008.
- ↑ Keith Lewis; Scott D. Nodder; Lionel Carter (11. januar 2007). «Zealandia: the New Zealand continent». Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand. Henta 20. august 2008. Oppgjeve av Wikipedia på engelsk.
- ↑ «Searching for the lost continent of Zealandia». The Dominion Post. 29. september 2007. Henta 20. august 2008. Oppgjeve av Wikipedia på engelsk.
- ↑ 3,0 3,1 Keith Lewis, Scott D. Nodder og Lionel Carter. «Sea floor geology - Zealandia: the New Zealand continent», Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand, updated 13-Jul-12