Stine Ruscetta Skogrand (fødd 3. mars 1993) er ein norsk handballspelar frå Bergen som frå 2018 har spelt på den danske klubben Herning-Ikast. Kant- og rykkromspelaren vart verdsmeister med Noreg i 2015 og europameister i 2016, 2020 og 2022. Skogrand deltok perioden 2013-23 i 139 av Noregs landskampar, skåra 250 mål.

Stine Skogrand


Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mars 1993 (31 år)
Bergen
Idrett handball
Tok del i

Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Karriere endre

Klubbspel endre

Skogrand spelte i yngre år på Fyllingen IL og deretter TIF Viking. Til sist melde ho seg til teneste for Tertnes IL, det leiande handballaget i Bergen. 2016-18 var ho aktiv i den danske toppserieklubben Silkeborg-Voel. Sidan 2018 gjer ho teneste i danske Herning-Ikast.

Landslagsspel endre

Skogrand fekk sin landslagsdebut den 20. april 2013 mot Sør-Korea. Ho måtte vente til handball-VM 2015 før ho fekk vere med i ei meisterskapsturnering, ein meisterskap som enda med norsk finalesiger og gullmedalje. Ho fekk ikkje plass i troppa til Sommar-OL 2016, men var på plass då Noreg vann europameisterskapen 2016 i Göteborg.

Skogrand vart utteken til så vel EM 2018 som VM 2021, men takka i begge tilfella nei, grunna graviditet.

Merittar landslag endre

Kjelder endre