Stoke-on-Trent er ein by ved elva Trent i midt-England, nærare avgjort i grevskapet Staffordshire. Byen er ein samansmelting av dei seks byane Stoke-upon-Trent, Hanley, Burslem, Longton, Tunstall og Fenton. Samanslåinga skjedde i 1910, og den nye eininga fekk status som city i 1925. 1. april 1998 vart han ei sameint styresmakt.

Stoke-on-Trent
City of Stoke-on-Trent

Sentrum i Stoke-on-Trent
Sentrum i Stoke-on-Trent
Sentrum i Stoke-on-Trent
Kallenamn
««Stoke», «The Potteries», «the city of five towns»»
Motto
«Vis Unita Fortior»
(sameint styrke er sterkare)
Plassering
Stoke-on-Trent is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Staffordshire
Grunnlagd 1910
Borgarmeister Terry Follows
Geografi
Flatevidd
 - By

92,74 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

239 700
  2 584,6 /km²
Koordinatar 53°0′0″N 2°11′0″W / 53.00000°N 2.18333°W / 53.00000; -2.18333
Diverse annan informasjon
Postnummer ST
Telefon-retningsnummer 01782
Nettstad: www.stoke.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Stoke-on-Trent

Sidan 1600-talet har området vore kjent for industrielt pottemakeri og porselensproduksjon. Blant kjende produsentar i byen er Royal Doulton, Wedgwood, Spode og Minton. Det var i Stoke-on-Trent, som i mange andre britiske byar, ei krise industrien mot slutten av 1900-talet, men situasjonen er stabilisert, og nivået på arbeidsløyse ligg omtrent på gjennomsnittet i regionen.

Dei seks byane har halde nokre særpreg. Til dømes er Burslem og Fenton utdanningssentra, medan Hanley er eit handelssentrum.

Det talast ein distinkt dialekt i området, som i seinare år i stadig større grad blir avgrensa til eldre innbyggjarar.

To profesjonelle fotballklubbar held til i byen, Stoke City og Port Vale. Stoke City kjem frå Stoke-upon-Trent medan Port Vale kjem frå Burslem. Det er ei særs sterk rivalisering mellom dei to klubbane.

Kjelder endre