Stokes Peaks
Stokes Peaks er ei gruppe fjelltoppar med ei høgd opp mot kring 800 m mellom McCallum Pass og Sighing Peak på nordsida av Wright Peninsula på Adelaide Island i Antarktis. Dei vart fotograferte frå lufta av Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition (FIDASE), 1956–57, og kartlagd av British Antarctic Survey (BAS) i 1961-62. Dei vart namngjevne av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1977 for Jeffrey C.A. Stokes, som var assisterande landmålar i Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i Admiralty Bay, 1959–60 og Adelaide Island, 1960-61.
Stokes Peaks | |||
fjell | |||
Stokes Peaks er til venstre for midten i bakgrunnen.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Adelaide Island | ||
• høgd | 800 moh. | ||
- koordinatar | 67°24′S 68°9′W / 67.400°S 68.150°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Stokes Peaks 67°24′S 68°09′W / 67.4°S 68.15°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Stokes Peaks» (innhald frå Geographic Names Information System).