Freden i Stolbova

(Omdirigert frå Stolbovo-traktaten)

Freden i Stolbova som vart vedteken den 17. februar 1617 mellom Sverige og Russland avslutta den ingermanlandske krigen 1610-1617. Etter meir enn to månader med forhandlingar møtte representantar frå Sverige og Russland ved byen Diderino søraust for innsjøen Ladoga, men avtala vart underteikna i ein annan by (no forlaten), Stolbova.

Forhandlingane endre

Frå avreisa hadde Sverige gått inn i forhandlingar med store ambisjonar og med voner om oppfylle ein gammal draum om få all russisk handel til å gå gjennom svensk territorium. Som ein konsekvens av denne ambisjonen kravde svenskane opphavleg utstrakte territoriale krav i vestlege Russland, blant anna den viktige nordlege hamna av Arkhangelsk. Likevel sende Jakob I av England ein delegasjon for å mekle, og det same gjorde hollendarane under Reinald Brederode, hovudsakleg for å sikre seg at Arkhangelsk ikkje hamna på svenske hender, noko som ville ha gjort den omfattande handelen mellom Vest-Europa og Russland langt vanskelegare. Målet til Sverige var å stenge russarane ute frå alle hamner ved Austersjøen, og verne Finland ved Ladogasjøen.

Dei innleiande fredsforhandlingane starta i august 1615, men russarane nekta å forhandle så lenge Gustav II Adolf kringsett den russiske festninga Pskov. Kringsetjinga vart heva han 17. oktober og forhandlingane kunne byrje i januar 1616 i Diderino med Jakob de la Gardie i spissen for den svenske delegasjonen. Som nemnt var òg hollendarane og engelskmennene til stades, medan danskane vart haldne ute.

Arkhangelsk endra ikkje eigar som eit resultat av forhandlingane, delvis på grunn av engelskmennene og hollendarane, men hovudsakleg sidan Russland greidde å sameine seg under ein tsar, Mikhail Fjodorovitsj Romanov. Då nyhendene nådde Russland om at krigen til svenskane mot Polen snart var over var russarane raske med å få forhandlingane i gang for alvor – vitande om at dei ikkje kunne makte at svenskane gjenopna krigen mot berre ein front.

Meklar var John Mericke, den engelske agenten til Moskovittkompaniet i Russland, og under trusselen om at Polen ville inngå fred med Sverige bøygde russarane av og fredsavtala vart underteikna heime hos meklaren John Mericke i Stolbova. Avtala vart signert av utsendingar for den russiske tsaren Mikhail Romanov, og for Sverige av Jakob de la Gardie, Henrik Horn, Arvid Tönnesson Vildman og Måns Mårtensson Palm.

Vilkåra til avtala endre

I den endelege fredsavtala vart tsaren og den svenske kongen Gustav II Adolf samde om dei følgjande vilkåra:

  • Russland avstod frå alle krav på Estland og Livland, og betalte 20 000 rublar i krigserstatning. Russland vart tillate fri handel ved normale handelstariffar, noko som sikra at Sverige ikkje lamslo Russland. Russarane fekk òg løyve til å etablere handelshus i Stockholm, Reval (Tallinn) og Viborg i byte mot at Sverige fekk etablere handelshus i Novgorod, Pskov, og Moskva.
  • Sverige heldt festningane ved Kexholms län og Nöteborg, Jama, Kopore og Ivangorod med høvesvis län, det vil seie den større delen av Ingermanland. Sverige heldt òg alt krigsbytte frå før 20. november 1616. Sverige måtte avsei Novgorod og alle andre erobringar frå denne krigen. Dei måtte òg erkjenne Michail Romanov som tsar av Russland, noko som avslutta vidare svenske krav på Russland. Adelen i dei erobra områda fekk løyve til å utvandre i løpet av 14 dagar om dei så ynskte, men denne retten vart ikkje gjeven til prestar og bønder.

Resultat endre

Sverige fekk gjennom avtala grensar mot Russland langs innsjøane Ladoga og Peipus som var lett å forsvare. Etter sigande skal Gustav Adolf ha kommentert: «Eg håpar at det skal bli vanskeleg for russarane å hoppe over bekken». Russland vart utestengt frå Austersjøen sidan Sverige no åtte ei samanhengande landgrense med Karelen, Kexholms län, Ingermanland og Estland. Denne utestenginga førte enno til at konfliktane med Russland fortsette og med nederlaget i den store nordiske krigen vart Ingermanland og Estland og delar av Karelen avstått til Russland.

England er offisielt kreditert for å forhandla fram freden gjennom meklaren deira John Mericke, skjønt innsatsen til hollendarane var òg viktig. Seinare vart leiaren for den hollandske delegasjonen Reinald Brederode utnemnd til svensk friherre av Wesenberg i Estland for innsatsane sine under forhandlingane.

Kjelder endre