Rakvere (tysk Wesenberg eller Wesenbergh) er ein by og kommune nord i Estland, 20 km sør for Finskebukta. Byen er hovudstad i Lääne-Viru maakond,

Rakvere linn
Rakvere-borga sett frå Tarvas-statuen
Rakvere-borga sett frå Tarvas-statuen
Rakvere-borga sett frå Tarvas-statuen
Flagget til Rakvere linn Byvåpenet til Rakvere linn
Flagget til Rakvere linn Byvåpenet til Rakvere linn


Plassering
Rakvere is located in Estland
Styresmakter
Land  Estland
Maakond Lääne-Viru maakond
Borgarmeister Andres Jaadla
Geografi
Flatevidd
 - By

10,64 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

16 988
  1 596,6 /km²
Koordinatar 59°21′0″N 26°21′0″E / 59.35000°N 26.35000°E / 59.35000; 26.35000
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.rakvere.ee

Historie endre

Det er funne spor etter busetnader her tilbake til 200–400-talet e.Kr. Truleg for å verne denne busetnaden vart det reist ei trefestning på Vallimägi. Då danskane tok over området i 1220, reiste dei bygningar i stein. Busetnaden Tarvanpea vart første gong nemnd i soga til Henrik av Latvia i 1226. Den nye danske festninga vart kalla Wesenberghmiddelnedertysk for første gong i 1252. Slaget ved Rakovor mellom danske og tyske riddarar, samt russarar, fann stad i nærleiken den 18. februar 1268.

Den 12. juni 1302 fekk Rakvere Lübeck-rettar. Då den danske kongen selde Dansk Estland til Den livlandske ordenen i 1346, vart det reiste ei stor borg over den tidlegare festninga. Ordensburg vart verna av tårn og borggardar. Bygginga av eit fransiskanarkloster starta i 1508.

Under livlandskrigen frå 1558 til 1581 var Rakvere under russisk styre og vart hardt råka. Sverige regjerte over byen ei kort stund, før han fall til Det polsk-litauiske samveldet i 1602. Polakkane øydela borga i 1605. Etter at byen kom tilbake til Sverige dette året, vart ein ny bygning reist i ruinane av klosteret. Under den store nordiske krigen vart Rakvere sett i brann i 1703. Med Nystad-traktaten gjekk Rakvere til Det russiske riket, der han vart verande fram til Estland fekk sjølvstende i 1918 etter den første verdskrigen.

I den første perioden med sjølvstende vart fleire utprega bygg reist, som marknadsbygningen, den gamle bankbygningen (i dag SEB Eesti Ühispank) og Rakvere gymnas. I 1930 opna stadionet i byen. Lokale aviser dukka opp, som regionsavisa Virumaa Teataja, som først kom ut i 1925. Eit teater vart bygd mot slutten av 1930-åra, og vart opna 24. februar 1940. Teateret kom uskadd frå den andre verdskrigen og er framleis i bruk i dag.

Tarvas-statuen endre

Rakvere er kjend for Tarvas-statuen av ein urokse, som vart laga av den estiske skulptøren Tauno Kangro. Det skal visstnok vere den største dyrestatuen i Baltikum. Statuen står på kanten av Vallimägiåsen og vart reist i samband med 700-årsfeiringa av byen. I lag med granittblokka statuen står på, er han sju meter lang, fire meter høg og veg om lag sju tonn. Statuen er laga i bronse.

Bilete endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre