Store Åklungen

innsjø i Oslo

Store Åklungen er eit vatn som ligg 293 meter over havet i skogsområdet Nordmarka i Oslo, attmed gangvegen frå Sognsvann nordover til serveringsstaden Ullevålseter. Vatnet har avlaup i sør til ein bekk som gjeng til vatnet Lille Åklungen, som har avlaup ved ein bekk sørover til Sognsvann. Høgda på vassflata på alle desse tre vatna er regulert frå gamalt av ved hjelp av små demningar.

Store Åklungen
vatn
Land  Noreg
Kart
Store Åklungen
60°00′00″N 10°43′23″E / 60°N 10.723055555556°E / 60; 10.723055555556
Wikimedia Commons: Store Åklungen

Store Åklungen vert kryssa av breiddegraden 60 gradar nord. På vestsida av vatnet ligg Lyn-hytta, ei hytte som idrettslaget Lyn bygde i si tid, og som kan leigast. Her vert 60-breiddegraden kryssa av den såkalla Oslomeridianen, som var ein lengdegrad som frå 1948 vart nytta som nullmeridian for oppmåling og kartlegging av Noreg, men seinare teke ut or bruk.

Store Åklungen er eit vatn med både aure og åbor, og eit populært vatn for sportsfiskarar. Fiskekort er å få kjøpt hjå Oslomarkas Fiskeadministrasjon (OFA), som disponerer fiskerettane i Oslomarka og driv kultiveringsarbeidet i dei mange fiskevatna i marka.


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Store Åklungen