Store levande Tsjola-tempel

(Omdirigert frå Store levande tsjolatempel)

Store levande Tsjola-tempel[1] er ei gruppe av tre hindutempel frå Tsjolatida som er oppførte på UNESCO si liste over verdsarv. Dei tre templa ligg i Tamil Nadu i Sør-India og stammar frå 1000- til 1100-talet. Alle tre er framleis i bruk som sakralbygg.

Store levande Tsjolatempel

LandIndia
Innskriven ved UNESCOs 11. sesjon i 1987.
Referansenr. 250.
Kriterium:II,III
Sjå ògVerdsarvstader i Asia
BakgrunnsstoffStore levande Tsjolatempel ved unesco.org

Det eldste av templa, som også var det første som blei innskrive på verdarvlista, er Brihadisjvara-tempelet i Thanjavur. Dette blei oppført i 1987. I 2004 blei oppføringa utvida med dei to andre templa, Brihadisjvara-tempelet i Gangaikonda Cholapuram og Airavatesjvara-tempelet i Darasuram.

Oversikt

endre
Stad Tempel Byggmeister Tidspunkt Bilde Koordinatar
Thanjavur Brihadisjvaratempelet Radjaradja I ca. år 1000   10°46′59″N 79°07′55″E / 10.783°N 79.132°E / 10.783; 79.132
Gangaikonda Cholapuram Brihadisjvaratempelet Radjendra I 1000-talet   11°12′22″N 79°26′56″E / 11.206°N 79.449°E / 11.206; 79.449
Darasuram Airavatesjvaratempelet Radjaradja II 1100-talet   10°56′54″N 79°21′23″E / 10.9483°N 79.3565°E / 10.9483; 79.3565

Kjelder

endre
  1. Norsk nemning etter UNESCO-oppføringa på engelsk Great Living Chola Temples, fransk Les grands temples vivants Chola.

Bakgrunnsstoff

endre