Thanjavur
Thanjāvūr (tamil தஞ்சாவூர், tañcāvūr), også kjend under det tidlegare engelske namnet Tanjore, er ein by i Thanjavur-distriktet i den indiske delstaten Tamil Nadu. I 2011 hadde byen 222 619 innbyggjarar, mens det større byområdet hadde 290 732 innbyggjarar. Byen er eit viktig valfarts- og turistmål, med fleire hindutempel som særleg stammar frå då han var hovudstad i Tsjolariket. Brihadisvara-tempelet frå 1000-talet står på UNESCO si liste over verdsarv. Byen er også eit viktig jordbrukssenter i Kaverideltaet, kjend som «Indias risbolle». Byen er også kjend for Thanjavur-måleri, ein klassisk sørinidisk måleritradisjon med måling og relieff.
Thanjāvūr | |||
Brihadisvara-tempelet i Thanjavu
| |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Thanjavur | ||
Areal | 36 km² | ||
Folketal | 222 619
folketal år = 2 011 | ||
Grunnlagd | Seinast 850 | ||
Thanjavur 10°48′N 79°09′E / 10.8°N 79.15°E | |||
Wikimedia Commons: Thanjavur |
Thanjavur blei først ein viktig by i mellomtsjolatida, då han var hovudstad for Tsjolariket. Etter at Tsjoladynastiet fall var byen underlagd fleire ulike rike, som Pandya, Vidjayanagara, Madurai-nayak, Thanjavur-nayak, Thanjavur-maratha - dei to sistnemnde med Thanjavur som hovudstad - og Britisk India. Sidan 1947 har byen vore del av India.
Byen har gode veg- og jernbanesamband med andre delar av India og Tamil Nadu. Den næraste flyplassen er Tiruchirappalli internasjonale flyplass, 56 km unna, og den næraste hamna er Nagapattinam som ligg 84 km unna Thanjavur.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thanjavur» frå Wikipedia på bokmål, den 13. september 2014.