Storfjordens Venner

Storfjorden Venner er ei ideell foreining som arbeider for å restaurere og vedlikehalde dei nedlagde fjord- og fjellgardane ved Storfjorden på Sunnmøre. Ho vart stifta i 1975. Sidan har om lag 15 gardar vorte oppattbygde og sette i stand. Dei fleste av desse gardane ligg innanfor området som kjem inn under verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Ein finn dei ved Storfjorden, Norddalsfjorden, Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Arbeidet på gardane vert gjort på dugnad, og vert finansiert ved eigne midlar og offentlege og private tilskot. Storfjordens Venner hjelper og privatpersonar med tilskot til restaurering og transport.

Storfjordens Venner eig garden Ytste Skotet

Gardar Storfjordens Venner har arbeidd med å halde ved like:

I 1989 fekk Storfjordens Venner overdrege eigedomsretten til garden Ytste Skotet. Denne garden vert dreven av Stiftinga Ytste Skotet saman med Sunnmøre Museum. Storfjordens Venner har eigne dugnadslag som har ansvar for vedlikehald og rydding.

Storfjordens Venner skipar kvart år til til storfjordstemne på ein av dei fråflytte gardane.Her vert det halde kontakt med medlemmene og andre kultur- og historieinteresserte. Ein viktig del av programmet er å gi deltakarane kjennskap til historia til stemnegarden. Storfjordstemna har stor oppsluttning. Fleire hundre menneske møter fram, sjølv på gardar med vanskeleg tilkomst.

Storfjordens Venner har ved fleire høve vorte heidra for arbeidet dei gjer:

Asgeir Kvernberg er leiar for Storfjordens Venner (2011).

Kjelder endre