62°06′46.5″N 6°58′27.5″E / 62.112917°N 6.974306°E / 62.112917; 6.974306

Utsyn frå Ljøen ved Sunnylvsfjorden. Matvika (ikkje synleg på biletet) ligg litt inn om Lundaneset, ved innløpet til Geirangerfjorden.
Foto: 2011
Matvika ved Geirangerfjorden.
Foto: Aug 2011

Matvika (dialektisk: mātvikja) matrikkelgard nr 105 i Stranda kommune, er ein nedlagt gard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet: Oluf Rygh[1] trur helst at namnet kan skrive seg frå det norrøne ordet matr (mat, føde), som viser til at folk på ferd i fjorden truleg brukte staden til å kvile og halde måltid der (jamfør Matrand). Lokalt er namnet gitt ei meir prosaisk tyding, sjå side 21 og 22 i boka «Geiranger: en beskrivelse med billeder»[2]

Garden ligg på nordsida av Geirangerfjorden, nær sjøen i ei lita vik, om lag 30 moh. Den første brukaren ein kjenner til, var på garden før 1634[3]. I tidlegare tider har garden i periodar vore omtala som øydegard.

Heimebøen i Matvika er på 3-4 mål, men er særs steinet og berglendt. Sjølve tunet er rekna for å vere trygt for skred men der er gyl på begge sider, der det ofte går snøras[4]. Garden ligg i solhellinga, er overlag grøderik og rekna som den mest arts-rike staden ved Geirangerfjorden[5]. Den høge sumartemperaturen gjer at staden høver godt for hagebruk og der vart jamvel dyrka fram tomatar og aprikoser på friland. Garden hadde store fjellslåttar og frå tidleg på 1900-talet henta dei òg høy frå dei fråflytta grannegardane Horvadrag, Lundanes og Furnes. På denne tida fora dei, utan om nokre kyr og sauer, 50-100 geiter på garden og ysting av geiteost var ein viktig leveveg.

Saman med Lundanes, hadde dei seter i Robbedalen, om lag 940 moh.

Matvika vart fråflytta så seint som i 1961, og ein hovudgrunn til at ein då måtte gi opp gardsdrifta, var at mjølkebåten til Hellesylt slutta å gå. Staden blir i dag nytta som fritids-bustad. Den ideelle foreininga «Storfjordens Venner»[6] har lagt ned mykje arbeid for å halde garden vedlike.

Kjelder og utfyllande opplysningar endre

Referansar endre

  1. «Norske Gaardnavne» av O. Rygh (Oslo, Børsum, 1969)
  2. Geiranger: en beskrivelse med billeder av Edv. Hole (Christiania 1905), om Matvika: side 21-22
  3. Sunnylven og Geiranger 2 : Gard og ætt (om Matvika: side 449-451) Stranda sogelag 1993.
  4. Skrednett NVE Snøskred i Matvika
  5. Matvika Naturbase, Miljødirektoratet
  6. Storfjordens venner

Bakgrunnsstoff endre