Ytste Skotet er eit komplett gardstun på Skotet Fjord kommune ved StorfjordenSunnmøre i Møre og Romsdal. Han er ein av tre gardar, der dei to andre er Me-skotet og Inste Skotet. Namnet «Skotet» (uttala Skøte) tyder 'høgt, framspringande land'.

Ytste Skotet

Ytste Skotet.
Foto: Frode Inge Helland
Kart
Ytste Skotet
62°24′51″N 6°53′38″E / 62.4142°N 6.8938°E / 62.4142; 6.8938

Driftsform endre

 
Bekkehjul som driv vedkløyvaren på låven.
Foto: Frode Inge Helland
 
Låven på Ytste Skotet. Grindkonstruksjonen har likskap med stolpehus frå bronsealderen, men er ein annan og langt meir moderne konstruksjon. Grindene vert sett opp på bakken og reist på staden.
Foto: Frode Inge Helland
 
Ytste Skotet, ved Storfjorden.
Teikning: Frode Inge Helland

Garden er godt teken vare på og vedlikehalden. Han er typisk for den før- industrielle driftsformen som vart nytta heilt opp til vår tid, mangsysleriet. Ytste skotet er representativ for dei gamle driftsformene på fjell- og strandgardane langs Storfjorden. Fjordfisket var eit viktig tilskot til gardsdrifta. Det vart drive seterbruk, men i den siste tida vart ystinga gjort heime på garden. Det vart dyrka bygg og havre og dei hadde tømmerskog til eige bruk. For å få nok for dreiv dei utmarsksslått og høyet vart lagra i utløer og frakta heim på vinterføre. Bygningane og kulturlandskapet, slik det er teke vare på, attspeglar denne driftsforma.

Historie endre

Staden vert omtala i Flatyarbok, Formannsogur og Heimskringla. Tradisjonen seier at det var ein gard på Håkon den Gode si tid. Etter Svartedauden vart garden omtala igjen i 1606. Der finst òg fleire hustufter på staden.

Siste brukarar var på Ytste skotet var Ane Karoline Vidhammar som dreiv garden saman med son sin Knut Olav og Jenny Olea fram til garden vart fråflytt i 1954. Staden låg brakk til 1989 til garden med 3000 mål vart overført til stiftinga Storfjordens Venner. Stiftinga har arbeidd med vøling av byggverka og kulturlandskapet. Staden er etter kvart vorte opparbeidd til noko nær slik han var då garden var i drift.

Bakgrunnsstoff endre