Stormbringer!
Stormbringer! Studioalbum av John og Beverley Martyn | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1970 | |
Innspelt | Sommaren 1969, Woodstock i USA | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 40:10 | |
Selskap | UK: Island USA: Warner Bros. | |
Produsent | Joe Boyd | |
John og Beverley Martyn-kronologi | ||
---|---|---|
The Tumbler (1968) |
Stormbringer! | The Road to Ruin (1970)
|
Stormbringer! er det tredje studioalbumet til John Martyn, og det første han spelte inn i lag med den dåverande kona, Beverley Martyn. John Martyn skreiv seks av dei ti songane på albumet, og Beverley fire.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
The Word | (positiv) [2] |
I 1969 møtte John og gifta seg med Beverely Kutner frå Coventry. Ho hadde då alt platekontrakt for Elektra med Joe Boyd som produsent. John og Beverly Martin fekk så kontrakt med Warner Brothers i USA, som sende dei til Woodstock midt under folkrock-revolusjonen. Dei arbeidde med produsenten Paul Harris, som hadde produsert The Doors og Crosby, Stills & Nash og laga Stormbringer! som eit folkrockalbum med trommer, piano og bass. Albumet synte at Martyn var påverka av The Band og trommeslagaren i dette bandet, Levon Helm selte på to songar. Ein annan trommeslagar, Bill Mundi frå The Mothers of Invention, spelte på ein annan song.
«Would You Believe Me» var første gongen Martyn brukte gitareffekten echoplex, som han skulle bruke mykje dei komande åra.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Go Out And Get It» | 3:07 |
2. | «Can't Get The One I Want» (Beverley Martyn) | 2:53 |
3. | «Stormbringer» | 4:16 |
4. | «Sweet Honesty» (Beverley Martyn) | 8:02 |
5. | «Woodstock» | 1:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «John the Baptist» | 3:11 |
7. | «The Ocean» (Beverley Martyn) | 3:39 |
8. | «Traffic-Light Lady» | 3:17 |
9. | «Tomorrow Time» (Beverley Martyn) | 3:48 |
10. | «Would You Believe Me?» | 5:15 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «It's One of Those Days» | 5:41 |
12. | «I Don't Know» (alternativ versjon) | 3:50 |
13. | «John the Baptist» (alternativ versjon) | 2:54 |
14. | «Traffic-Light Lady» (alternativ versjon) | 3:01 |
Bonusspora vart spelte inn under ei demoinnspeling i Sound Techniques Studios i Chelsea, 16. april 1969.
Medverkande
endre- John Martyn - vokal, akustisk gitar, elektrisk gitar
- Beverley Martyn - vokal, akustisk gitar
- Harvey Brooks - bass
- Paul Harris - piano, orgel, musikalsk leiar, arrangement
- John Simon - cembalo på «Tomorrow Time»
- Levon Helm - trommer på «Sweet Honesty» og «John the Baptist»
- Herbie Lovell - trommer på «Stormbringer!» og «Would You Believe Me»
- Billy Mundi - trommer på «Go Out and Get It»
- Teknisk
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Stormbringer!» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Chrispell, James. Stormbringer! på Allmusic
- ↑ The Word review