Storsnøstjerne

planteart

Storsnøstjerne (Scilla luciliae) er ei plante i snøstjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå det vestlege Tyrkia.[2] Arten var tidlegare rekna til slekta Chionodoxa med namnet C. luciliae.

Storsnøstjerne
Storsnøstjerne
Storsnøstjerne
Status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Scilloideae
Slekt: Snøstjerneslekta Scilla
Art: Storsnøstjerne S. luciliae
Vitskapleg namn
Scilla luciliae

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1994. Arten er i rask auke og veks talrike stader i kyststrøk og låglandet til Troms.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potesielt høg risiko (PH).[3]

Det er gjort funn av hybridar med snøstjerne (S. forbesii × S. luciliae) frå Oslo til Drammen. Denne finst truleg mange fleire stader.[2]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Storsnøstjerne». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 219. 
  3. «Fremmedartslista 2023: storsnøstjerne Scilla luciliae (Boiss.) Speta». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre